Det seier berlaren Rune Eikeland i samband med at tre samdriftande havbruksselskap frå Austevoll har klaga på direkte avslag frå Fylkeskommunen om å få ta i bruk lokaliteten Klubben i Frøysjøen. Den ligg ikkje langt frå lakseverpet Eikeland eig og driftar.

«Vestlandets Lofoten»

– Eg har fått med meg at oppdrettselskapa har hyra advokat og klaga på avslaget. Bremanger kan kallast «Vestlandets Lofoten» og vi kan ikkje akseptere fleire utbyggingar av steinbrot, vindturbinar og oppdrettsanlegg, seier Eikeland, og viser til at Fylkesmannan har varsla motsegn mot det nye steinbrotet på Aksla på andre sida av fjorden og at Riksantikvaren kjem på synfaring i kulturmiljøet i Vingen og Hornelen-området. Vidare er Miljødirektoratet i gang med eit arbeid for mogleg vern i fjellet ved Hornelen. Han viser også til at Vingen kan vere aktuelt for UNESCOS verdsarv-liste.

Fylkesmannen avslo i sommar søknaden til Langøylaks, Troland Lakseoppdrett og Austevoll Melaks direkte utan å sende det til sektormyndigheitene og kommunen. Dei la særskilt vekt på omsynet til villaksen i Nordfjord-vassdraga og at kommunen i rulleringa av arealplanen ikkje har sett av Klubben-området til akvakultur i sine reviderte planar. Arealplanarbeidet skal handsamast ferdig i haust.

Fekk direkte avslag på lakseanlegg ved Hornelen

Sakshandsamingsfeil?

Lakseselskapa hevdar via sin advokat Kenneth Steffensen at det ligg føre ein sakshandsamingsfeil, ved at det ser ut til at kommunen feilaktig har oppfatta det slik at søknaden gjeld Klubben i Skatestraumen. Det har ført til at Fylkeskommunen har vektlagt den føreståande mudringa av ei grunne i Skatestraumen som eit moment som talar mot etableringa.

Uansett klagar dei saka inn til Fiskeridirektoratet og meiner saka må sendast til sektormyndigheitene på vanleg måte.. Dei hevdar at lokaliteten Klubben ved Frøysjøen er eigna til formålet og i tråd med formålet i lovverket. Dei gjer gjeldande at det ikkje kan gjevast avslag på søknaden med basis i at det blir utarbeidd ein ny arealplan i kommunen. Lokaliteten er avsett til formålet akvakultur i gjeldande arealplan.

Selskapa viser også til at dei har lege godt under «lusegrensa» på dei to lokalitetane dei driv i utløpet av Nordfjord, Skippedalsneset og Husevågøy.

– Laksefisket er like viktig for oss som for elveeigarane