I dag kom dagen mange hadde frykta, men håpte vi skulle unngå. Kommunedirektøren har lagt fram sitt budsjett, og det utan at Skram skule er med.

Skram skule er eit vedteke prosjekt som eit samla politisk miljø har stått bak. Den største barneskulen i nord-Kinn er splitta i to, med størsteparten av elevane i brakker på ein parkeringsplass. Dei yngste elevane er plasserte i ein nedlagt barnehage, som ikkje er tilpassa undervisningsformål. Den gamle skulen som fortsatt er i bruk til symjeundervisning er i ferd med å bli rasert, og vi høyrer om foreldre som går omvegar rundt området med ungane sine fordi dei ikkje tek sjansen på kva som vil møte dei.

I førre budsjettprosess (desember 2021) fjerna dagens politiske fleirtal midlane til bygging av Skram i sitt budsjett. Utad har fleire av dei likevel lova, gjentekne gonger, at Skram har høgste prioritet.

Raudt forventar derfor at dei i år vil støtte opp lovorda med faktiske midlar. Eit vedtak utan finansiering er ikkje verdt papiret det er skrive på.

I reverseringsdebatten såg vi at begge sider av kampen argumenterte med at deira løysing var sikraste vegen til Skram. No er det på tide å vise at lovnadar faktisk betyr noko.

Raudt vil gjere det vi kan for å støtte både elevar, foreldre og ikkje minst ansatte på Skram i kampen om å få i gang bygginga av skulen dei er lova. Vi oppfordrar samtidig dei andre partia til å engasjere seg, og ikkje minst delta i fakkeltoget den 22. november.