På sjukehusa gjeld framleis krav om avstand, munnbind og skjerpa besøksreglar. Det melder Helse Førde i ei pressemelding.

– Årsaka er at vi må verne sårbare pasientgrupper, samt at vi må førebygge stort sjukefråvær blant dei tilsette på sjukehusa som kan medføre svekka beredskap, redusert kapasitet og dårlegare helsetilbod., skriv helseføretaket.

Men nokre av besøksreglane knytt til fødande blir letta på. Fødande kan no ha med seg ein partnar både før, under og etter fødsel, og i barseltida. Dette gjeld sjølv om partnar har testa positivt for covid-19.

Det er den fødande sjølv som definerer kven som blir rekna som partnar.

- Generelle råd til befolkninga er ikkje dei same råda som gjeld i helsetenesta. Det eksisterer eigne forskrifter og råd for oss, seier administrerande direktør Arve Varden.

- Den største utfordringa vi ser føre oss no, er at sjukefråværet skal stige ytterlegare.

Her er reglane som framleis gjeld:

  • Pasientar skal avklarast med tanke på covid-19
  • Halde ein meter avstand til andre
  • Munnbind der avstand ikkje er mogleg, sjølv i korte periodar
  • Kvar pasient kan maks ha to besøkande per dag, og kvart besøk bør ikkje overskride 30 minutt
  • Besøkande må vere friske og besøket må vere avklara på førehand. Det vil seie at dei må avtale besøket med avdelinga før dei kjem til sjukehuset. Dei kan ikkje ha symptom på luftvegsjukdomar, og dei kan ikkje ha påvist covid-19.