Gå til sidens hovedinnhold

På med turboen for hydrogen-framtida!

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Noregs nye næringsminister Jan Chr. Vestre (Ap) vil skipe eit nytt statleg hydrogenselskap, fordi han «..har veldig trua på staten som entrepenør» og «statlege selskap klarer å bli veldig lønsame» (Klassekampen 2/11).

Hydrogen gir fantastiske moglegheiter for Noreg, både som energinasjon og teknologinasjon. Vi kan produsere store mengder grøn hydrogen med fornybare og reine energikjelder som vatn, vind og sol. Vi har allereie eit næringsliv som på ein del område er fremst i verda i å ta hydrogen frå teststadiet til å bli ein av dei store teknologiane globalt i ei fossilfri framtid. Allereie i 2030 kan omsetjinga i norsk næringsliv innanfor grønt hydrogen vere på 1 mrd Euro (10 mrd NOK).

Venstre brenn difor for ein aktiv, offensiv næringspolitikk for å få fart på hydrogen-framtida. Men ein aktiv næringspolitikk krev at staten har dei rette aktivitetane.

Medan Næringsminister Vestre vil starte statleg selskap med utspring i regjeringa i Oslo, så boblar og veks det allereie i offensive hydrogen-initiativ i heile distrikts-Noreg. Hydrogen-prosjekta som viser veg finn vi allereie i Berlevåg, Glomfjord, Hellesylt, Florø, Årdal, Tyssedal, Porsgrunn, Bergen/ Mongstad, Meråker og mange andre stader.

Det dei treng no, er ikkje ein ny statleg eigd konkurrent. Dei treng ein stat som aktivt aukar etterspurnaden etter grøn hydrogen, og går frå små pilotforsøk til storstilt skalering.

Venstre har i regjering fått på plass ein handlingsplan for grøn skipsfart, ein hydrogenstrategi og gitt hydrogen ei sentral rolle for å nå Noreg sine klimamål i 2030. Den statlege satsinga på hydrogen er nær tidobla i løpet av fem år, og vil i år nærme seg 1 milliard kroner. Støtteordningar for hydrogen er etablert og forsterka i Innovasjon Noreg, Noregs Forskningsråd, Gassnova, Enova og gjennom deltaking i europeiske samarbeidsprosjekt (m a IPCEI).

I august varsla dåverande Klimaminister Sveinung Rotevatn at Venstre har fått gjennomslag i regjeringa for å ta i bruk differansekontrakter for å utløyse hydrogenprosjekt som er teknologisk modne, men enno ikkje lønsame i marknaden.

No må vi vidare. Alle barrierer i statleg regelverk og standardar som sperrar for bruk av grønt hydrogen, må ryddast opp i. Vi må sørge for at staten tar meirkostandene ved at kystfylke kan kjøpe inn nye, utslippsfrie hurtigbåtar som kan gå på grøn hydrogen. Vi må støtte pilotsatsingar i kyst-næringslivet vårt med bruk av hydrogen i andre fartøyskategorier, til dømes basebåtane. Vi må finansiere oppbygging av eit nett med «hydrogen-knutepunkt» langs kysten for produksjon og distribusjon av hydrogen, og økonomiske insentiv for teknologiutvikling i samla verdikjeder. Statleg investeringsstøtte må utformast slik at produsentar får inntekter, og utstyrsfabrikantar torer å investere i teknologiskifte til hydrogen. Kraftnettet må byggast ut, og vi må ha ein aktiv Europa-politikk som koblar oss nærare saman med Europa, og ikkje set EØS-avtalen i spel.

Og ikkje minst: Vi må ha eit CO2-avgiftsregime utan utholingar og unntak. Å velje klimavenleg brensel som grøn hydrogen, må løne seg i alle sektorar.

Eg er ikkje overraska over at Arbeiderpartiet tyr til statlege selskap og statleg eigarskap. Det er Ap si standardløysing. Men det er diverre verken lønnsamt, effektivt eller grønt. Hydrogenselskapa står i kø for å produsere grøn hydrogen. Dei treng ein større marknad og påkobling med Europa, ikkje ein statleg konkurrent.

Kommentarer til denne saken