Gå til sidens hovedinnhold

Overraskande mange ramma av covid-19 på utanlandsreiser

Skadestatistikken til Noregs største reiseforsikringsselskap viser at overraskande mange hadde behov for hjelp knytt til koronasjukdom på utanlandsreiser.

Mange har hatt behov for utviding av opphald på hotell eller i eit hus eller leilegheit, ny heimreise og erstatning for tapte feriedagar, skriv IF i ei pressemelding.

– Vi har hittil behandla om lag 100 saker relatert til koronasjukdom på reise utanlands. Rundt halvparten av desse har fått praktisk hjelp av vår alarmsentral. Resten er erstatningssaker som er melde inn i etterkant, seier kommunikasjonsdirektør i Europeiske Reiseforsikring – ein del av If, Andreas Handeland.

Dei ønsker å bevisstgjere reiselystne nordmenn før haustferien kjem.

– Sjølv om ein har forsikringsdekning er koronasmitte eller sjukdom i utlandet lite hyggeleg å oppleve. Ein kan bli plassert i isolasjon eller pålagt smittekarantene som følgje av at ein sjølv eller nokon i reisefølgjet blir sjuke, seier Handeland.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken