Gå til sidens hovedinnhold

Over halvparten av oss jobbar medan vi har ferie. No ber NHO oss kople av

NHO er uroa over at over halvparten av oss jobbar sjølv om vi har ferie. Dei ber folk bruke ferien til restitusjon og kvile.

Den ferske undersøkinga frå arbeidsgivarorganisasjonen viser at 56 prosent av arbeidstakarane på Vestlandet jobba medan dei eigentleg hadde fri eller ferie i sommar.

– No håper vi folk tar seg heilt fri i haustferien, dersom dei har tatt ut ferie. Verken arbeidsgivarar eller tilsette er tent med ei utvikling der dei tilsette ikkje får kopla heilt av i ferien sin, seier Tone Grindland, regiondirektør i NHO, til Stavanger Aftenblad.

– Det er grunn til bekymring om skiljet mellom jobb, ferie og fritid blir borte. Når du har ferie, har du rett på ferie. Om ikkje folk får den kvilen, får ein slitasje som igjen kan gå ut over produktivitet, seier Grindland.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken