I romjula førte eit stort dataangrep til at Firdaposten og resten av Amedia sine 80 aviser måtte tenke alternativt. Eit av grepa var å tilby gratis lesing til alle, mot at ein registrerte seg som såkalla aID-brukar.

Det viste det seg å vere stor interesse for.

– Rundt 600 personar nytta seg av tilbodet om å lese oss gratis i januar. Det synest vi sjølvsagt er stas, og vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå lesarar som ikkje kjende oss så godt frå før.

Det seier redaktør Svend Arne Vee, som no håpar å få med seg så mange som mogleg av dei nye lesarane vidare.

Og akkurat prislappen bør i alle fall ikkje vere avskrekkande. For berre ei krone kan ein no halde fram med å lese abonnementssakene til Firdaposten, ei heil månad til.

Alt du treng å gjere, er å klikke på denne lenka.