Gå til sidens hovedinnhold

Over 5.000 omikron-tilfelle i Norge

5240 personar er påviste smitta av omikron-varianten i Norge til no. Det er ein auke på 580 tilfelle sidan onsdag.

Omikronvarianten vart først påvist i landet vårt 1. desember 2021. Totalt er det registrert 5.240 tilfelle sidan då, melder FHI på nettsidene sine.

Det er ein auke på 580 tilfelle sidan onsdag. Auken er likevel mindre enn dagen før, då det vart meldt om 780 fleire tilfelle.

Totalt er no tre personar innlagde på sjukehus med omikron som hovudårsak, skriv FHI. Det første tilfellet vart kjent onsdag.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken