Til saman 3006 koronasmitta personar har døydd i Noreg, viser nye tal frå Folkehelseinstituttet (FHI). Samtidig fell talet på innlagde koronapasientar.

Talet på nye koronapasientar innlagt på sjukehus gjekk ned til 74 i veke 17 etter 137 i veke 16. Dei siste åtte vekene har det vore ein jamn nedgang i nye pasientar.

Talet på intensivpasientar har òg gått ned, frå 17 nye i veke 16 til ni nye i veke 17. Det viser FHIs seinaste vekerapport , der dei tek atterhald om at innleggingsstallane kan bli oppjustert.

Totalt er det meldt om 3006 dødsfall fram til 1. mai 2022. I veke 17 vart det registrert 59 dødsfall, mot 53 i veke 16. Medianalderen for dei som døydde, var 84 år, skriv FHI.

Ifølgje rapporten viser befolkningsundersøkinga at det òg har vore ein jamn nedgang i delen deltakarar som melder om forkjølingssymptom, delen som testar seg og delen som oppgir positiv koronaprøve sidan veke 8. Det har òg vore nedgang i melde tilfelle til MSIS sidan veke 8.

Omikronvarianten BA. 2 overtok for varianten BA. 1 i veke 6 og utgjer no mellom 95 og 100 prosent av alle gjennomgåtte prøver dei siste vekene.

– Enkelte interessevariantar og variantar på overvakingslista er påvist sporadisk i Noreg siste tid, mellom anna eitt tilfelle av BA. 5, skriv FHI.

Dei melder at influensautbrotet i Noreg òg ser ut til å vere minkande.

– Epidemien passerte toppen i veke 8, og det er forventa ein framleis nedgang i innleggingar av pasientar på grunn av covid-19 i vekene framover. Trenden i innleggingar for influensa er òg på veg ned, skriv FHI.

(©NPK)