Simon Malkenes får varslarpris

Simon Malkenes

Simon Malkenes

Artikkelen er over 1 år gammel

Lektor Simon Malkenes får prisen Stockmanns Hammer for å ha varsla om uheldige konsekvensar av fritt skuleval i Oslo-skulen.

DEL

– Eg er veldig takknemleg for å få denne prisen. Det er heilt utruleg at eg har fått noko sånt, seier Simon Malkenes til frifagbevegelse.no,

Det er Stiftelsen Byggfag som deler ut varslarprisen.

– Eg er veldig glad for å kunne sette temaet ytringsfridom på dagsorden, og ikkje minst å få denne honnøren når ein kritiserer eit system som ikkje vil lytte, seier Malkenes.

Bakgrunnen for saka er at Malkenes deltok i NRKs Dagsnytt 18 den 5. mars 2018. Her fortalde han anonymisert frå sin kvardag som lektor på ein vidaregåande skule i Oslo. Målet var å sette søkelys på aktuelle utfordringar i Oslos utdanningssektor – spesielt konsekvensane av systemet for fritt skuleval.

Etter debatten i NRK skreiv nokre av elevane frå den aktuelle klassen eit innlegg i Aftenposten og hevda dei kjende seg krenka. Skulen oppretta disiplinærsak mot Malkenes.

Ved å tildele Malkenes varslarprisen ønsker juryen å peike på og vareta retten som arbeidstakar til å fremme systemkritikk og uttale seg kritisk til eigen arbeidssituasjon, utan å oppleve sanksjonar frå arbeidsgjevar. Fri ytring er ein demokratisk verdi som må vernast om. Juryen si grunngjeving blir avslutta med rosande ord: «Simon Malkenes er ein verdig varslingsvinnar og eit forbilde for alle lærarar og andre i offentlege stillingar som opplever kritiske forhold i sitt arbeid. Han er også eit forbilde for elevane, som dermed ser verdien i ytringsfridom, uansett kva side ein står på. »

Malkenes har lenge vore ein aktiv debattant og i 2014 gav han ut boka «Bak fasaden i Osloskulen».

Nesleiar i Ap, Hadia Tadjik, har også rosa Malkenes for å vere ein uredd debattant, med innlegget "Snakk så fasadene brister" 

Artikkeltags