Det seier Kåre Jarl Langeland, tidlegare lokalpolitikar (V) i kommunestyre og formannskap i Bremanger i perioden 1999-2019. Han sat i formannskapet i 2001 då det første investeringsvedtaket vart gjort. Han viser til at det var ordførar Einar Kjerpeset (Sp) som leia kommunen inn i Terra-spiralen.

Artikkelserie om Terra-saka

Firdaposten har samanfatta vegen inn og ut av Terra-knipa i ein artikkelserie, som er samansett av fire skriftlege artiklar og to rullefortellingar, ein om vegen inn i Terra-skandalen og ein om vegen ut.

Les også

Bremanger sin veg inn og ut av Terra-fella

Burde spurt meir

–Vi fekk presentert ei saksutgreiing med mykje flotte ord og utrykk og det såg heilt greitt ut. I ettertid har eg sjølvsagt tenkt at eg burde ha teke ordet og bede om meir grundig informasjon. Men som ein vanleg lokalpolitikar så er du gjerne redd for å spørje om det andre ser ut til å forstå. Du fryktar å bli sett på som ein idiot.

Han registrerte at det etter som tida gjekk vart eit tett forhold mellom kommuneleinga og Terra-meklarane frå sparebank-systemet.

– Dei fekk veldig stor tillit. Det at leiinga var på førenamn med dei, er eit tydeleg teikn på det.

Han minnest at det svei godt i sjølvkjensla då dåverande fylkesmann Oddvar Flæte kom på besøk etter at finanssvindelen vart rulla opp i 2007 og skulle vere hjelpe til med å berge stumpane.

– Han snakka til oss som om vi var nokon stakkarslege fattigfolk som hadde rota oss inn i noko vi ikkje kunne ha det minste forstand på.

Heldige trass alt

Men historia viser at kommunen slett ikkje har vore noko evneveik fattiglus, men har greidd seg godt og kunne tilby gode tenester til innbyggarene.

Langeland er klar på at Bremanger var ualminneleg heldige i at Tom Joensen tok på seg rådmannsjobben og oppryddinga etter Terra-saka.

– Vi søkte etter folk, men hadde ærleg talt flaks ved at Tom Joensen var disponibel til å ta den viktige oppgåva.

Les også

Bremanger sin veg inn og ut av Terra-fella