Kinn kommune er etablert på lovleg vis. Begge kommunestyra har fylgt inndelingslova sine krav og eit fleirtal og eit mindretal har stemt slik dei meinte var best for innbyggarane. Stortinget har fylgt opp og godkjent Kinn kommune. Slik var det prosessane vart lagt opp av kommunalminister Sanner den gong. Ta nabopraten og slå dykk saman. Det var ikkje staten som teikna kartet med unntak av nokre tvangssamanslåingar, det gjorde vi sjølve og trua på ei kystmobilisering var viktig.

Kinn vart etablert. Mange, meg sjølv inkludert, tenkte nok at dette kunne bli krevjande. Krevjande vart det, men ikkje verre her enn andre stader. Med eitt unntak, politisk har perioden langt ifrå vore knirkefri. Tenesteutvikling, samfunnsutvikling og kommunen si evne til å få gjennomslag elles har overraska meg positivt.

Politisk uro har nok vore medverkande til at det har vore noko støy rundt danninga av ny kommune, men mest har ein snakka om «eit demokratisk underskot» frå Vågsøy. Kommunestyret i Vågsøy lytta ikkje nok til innbyggarane før vedtak om samanslåing, er kritikken. Seinare ville ein arrangere folkeavstemming, men då hadde alt Stortinget gjort vedtak, høyringa kom for seint. Ein kan nok diskutere om det var rett av fleirtalet å be om råd etter samanslåinga var eit faktum. Ein inviterte til noko som ikkje var aktuelt.

Dette demokratiske underskotet er grunnen til at nokre nok ein gong vil invitere til enno ei folkehøyring. Det som er underkommunisert er at det framleis er Staten som bestemmer kommunegrenser. Det er ikkje sikkert at eit «ja til deling» er det same som at regjering/Storting deler dette synet. Stortinget har ingen tradisjon for å dele kommunar etter to års drift.

Mange peiker på at dei to regjeringspartia er for frivilligheit og vil tillate deling. Frivilligheit gjaldt samanslåing. Frivillig samanslegne kommunar som etter to år søker deling har eg enno til gode å høyre at nokon politiske parti er positive til. Hurdalsplattformen omtaler berre tvangssamanslegne. Den opnar ikkje for at frivillige samanslåingar kan krevje oppløysing.

Prosessen som no skjer er ein prosess etter inndelingslova paragraft 8. Den er definert i Kommunelova og er ikkje ekstraordinær, men noko kommune kan be om når som helst. Kommunestyret har uttrykt at dei ber om ei utgreiing, ikkje deling. Etter utgreiing skal ein ta stilling til spørsmålet om deling. No er vi dessverre vitne til at politisk leiing i Kommunal- og distriktsdepartementet er iferd med å køyre ein prosess som hastar av garde og bryter fleire sakshandsamingsprinsipp. Dette vil fort skape nye uheldige «demokratiske underskot». Statens eigen instruks lyder slik:

Formålet med utredningsinstruksen er å legge et godt grunnlag for beslutninger om statlige tiltak, som for eksempel reformer, regelendringer og investeringer. Det er viktig at statlige beslutninger er velbegrunnede og gjennomtenkte. Ufullstendig eller manglende utredning øker risikoen for at det fattes beslutninger som ikke kan gjennomføres, som gir uønskede virkninger eller som innebærer sløsing med samfunnets ressurser.

Departementet brukar tre månader på å ta stilling til søknad om utgreiing, seier i påska ja til utgreiing munnleg og brukar ein månad på å sende ut formelt oppdragsbrev til Statsforvaltar. Same departement meiner at Kinn og innbyggarane fint kan klare seg med tre-fire veker på å gjennomføre to kommunestyremøter, informasjonsmøter, saksutgreiingar og folkehøyring. Eg meiner dette blir å lage kompromiss med gode demokratiske prosessar for å imøtekomme Senterpartiet sine valløfter.

Hastverket fører til:

  1. Kommunestyret ba om involvering i utgreiingsarbeidet Statsforvaltar skal gjennomføre. Statsforvaltar var positiv til dette. Tidsfristane set no ein stoppar for medverknad.
  2. Både Raudt og Senterpartiet tvilar på at vi kan ha eventuell førehandsrøysting fordi den prosessen er så kort. Dette vil bety at mange ikkje har høve til å røyste om kommunestyret vel å halde folkerøysting.
  3. Informasjonsmøter og debatt vil starte i ferien til folk.
  4. Statens eigen utgreiingsinstruks skisserer tre månader i slike komplekse saker. No seier same stat at vi fint klarar oss med 3-4 veker.
  5. Gjennomføringa av ein eventuell delingsprosess vil bryte med vallova.
  6. Utgreiinga skal gjennomførast i ferietida og kan måtte kompromisse med kva som er mogleg å få svar på.

Departementet er no i ferd med å skape nye demokratiske underskot og ein har lite auge for tenestene kommunen skal levere til innbyggarane. Mange, meg sjølv inkludert, meiner prosessen handlar meir om Sp sine vallovnader enn tenestene til dei som har størst behov. Eg kan aldri anbefale ein slik prosess, den er uforsvarleg og det er mitt ansvar å påpeike.