Gå til sidens hovedinnhold

Opposisjonen vil reversere fylkesreform

Det har kosta Noreg nærare ein halv milliard kroner å gjere 19 fylke til 11, viser eit reknestykke NRK har gjennomført.

Opposisjonen lovar likevel å reversere fleire fylkessamanslåingar.

– Det har ikkje noko å seie kva det kostar. Finnmark skal bli eit sjølvstendig fylke igjen dersom det blir regjeringsskifte, seier leiar Geir Adelsten Iversen i Finnmark Senterparti til NRK.

Han får støtte frå stadig fleire opposisjonspolitikarar på Stortinget.

Både Senterpartiet, Arbeidarpartiet, SV og Raudt er no klare på at Troms og Finnmark og Viken fylke skal oppløysast, og at dei skal gå tilbake til Troms, Finnmark, Akershus, Buskerud og Østfold.

I tillegg ønskjer Senterpartiet ei folkeavstemming i Sogn og Fjordane for å finne ut om folket vil ha tilbake det gamle fylket sitt.

– Dersom Senterpartiet får makta etter neste val, er det naturleg å snu dei vedtaka, seier stortingsrepresentant og tidlegare Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken