Fiskeridirektoratet har ikkje avdekt ulovleg omsetning i siste del av kongekrabbeaksjonen.
Direktoratet har i år hatt ein kampanje retta mot ulovleg fangst og omsetning av kongekrabbe. I siste del av aksjonen, som har gått føre seg i heile veke 42, er fleire titals bedrifter kontrollerte i fleire fylke. Sju lag med to og tre inspektørar i Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Viken og Oslo har kartlagt, oppsøkt og kontrollert butikkar, restaurantar, fryselager og cateringbedrifter.
– Det er gledeleg at kontrollen med omsetning av kongekrabbe ikkje har avdekte ulovlege forhold i denne omgang, seier seksjonssjef Bjørn Håvard Rønnevik i Fiskeridirektoratet region Nord til nettsida til Fiskeridirektoratet.
I dei fleste tilfella er det aller meste i orden, medan nokre bedrifter vil bli følgde opp før dei eventuelt kan sjekkast ut.
– Vi trur at det er tre hovudårsaker til at vi ikkje har funne særlege avvik denne gongen. Den store kongekrabbesaka som nyleg har gått for retten der fleire aktørar langs heile verdikjeda no er dømde til strenge straffer har nok hatt ein preventiv effekt. I tillegg ventar mange aktørar med å kjøpe kongekrabbe på grunn av svært høge priser, og vi ser at ein del av den meir mistenkelege omsetninga av kongekrabbe i større grad går føre seg på sosiale medium, spesielt Facebook, seier Rønnevik.
(©NPK)