FIRDA: Det er svært mange gode grunnar til å legge frå seg bilnøklane når du er på fylla, men den Børge Brendø frå Florø fortel om i Go' Knall med Simon Vie er ein grunn ikkje mange av oss har tenkt på. Om det er sant då, og ikkje berre ei god skrøne.
Nokre år tilbake var han nemleg vitne til ein skjelsettande episode i heimbyen.
– Det var ein som køyrde i fylla, og vi var med på å jakte på han. Det blei litt styr av det, men... Det var ein bilist som var godt på ein snurr. Vi ringde inn til politiet og melde frå om han, men så stakk han frå oss og vart borte, fortel Børge.
Børge bestemte seg for å leite etter han. Litt seinare dukka bilisten opp i femtisona i Havreneset heilt vest i Florø.
– Då han kom køyrde han i langt over 100. Då ringde vi politiet igjen. Vi jakta på han til politiet kom til og fekk stoppa han. Men den medfarten han fekk, den misunner eg ikkje, seier Børge og held fram med den fargerike skildringa si:
– Politiet slo inn ruta på bilen og sleit fyren ut gjennom vindauget og la armane hans bak på ryggen – og dei armane var heilt oppi nakkehåra på han. Då tenkte eg; eg skal aldri køyre i fylla. Det såg jæ***g ilt ut, strekar Børge under.
Du kan også høyre episoden her:
Sjekk også ut Tempopodden