Vêrgudane tvingar fjellkonsert på bakken

Eva and The Heartmaker er klar med sin nye skive, og får oppmerksomhet også ute. Foto: Marius Beck Dahle/Handout

Eva and The Heartmaker er klar med sin nye skive, og får oppmerksomhet også ute. Foto: Marius Beck Dahle/Handout Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Etter planen skulle Eva & the Heartmaker spelt konsert på Steinfjellet i Bremanger på søndag. Dårleg vêr gjer at konserten no blir flytta.

DEL

– Når vi ser kva Meteorologisk institutt har å tilby, så har vi dessverre sett oss nøydde til å flytte konserten innomhus, seier Roger Igland i Opplev Bremanger til Firda.

Vêrtrøbbel

Komande helg går årets utgåve av Rockweekend av stabelen, ein festival gjengen bak Opplev Bremanger arrangerer for tredje år på rad. Men det har vore årleg rockefestival i bygda sidan 1982.

Les også:

– For to år sidan hadde vi også utekonsert, den gongen i Vetvika. Då venta vi kring 300 personar, men over 2000 møtte opp. Det var eit hyggeleg kaos, men det gjekk. Den opplevinga sit nok spikra hos mange. Det var dumt at vi ikkje får gjennomført konserten med Eva & the Heartmaker på fjellet, men vi er nøydd å spele på lag med vêr og vind, seier Igland.

Frå Hongkong til Bremanger

Årets utgåve varer frå torsdag til søndag, og ifølgje Igland kan festivalen tilby noko for ein kvar musikkelskar.

Det islandske funk- og jazz-fusion-bandet Mezzoforte, jazz- og svingbandet King Pleasure & the Biscuit Boys frå Storbritannia og Eva & the Heartmaker er dei største trekkplastera. I tillegg skal det lokale bandet Silo spele, og torsdag opnar det heile å jam med der temaet er Bruce Springsteen.

– På jam'en har ein gjeng musikarar gått saman for å spele Bruce Springsteen-låtar denne kvelden. Det har blitt øvd i hus og hytter her i dagevis, seier Roger Igland.

– Men ingen av banda i helga er reine rockeband. Er ikkje det dumt sidan de heiter Rockeweekend?

– Nei, vi har heile tida vore klare på at vi er opne for beslekta musikkformer. Vi er opptekne av musikk av høg kvalitet, og desse banda er fantastiske alle saman. Mezzoforte til dømes er eit verdsband, og det kjem faktisk folk heilt frå Hongkong for å oppleve dei.

Godt førehandssal

Festivalen føregår på Havly pensjonat og kafé i Iglandsvik i Bremanger.

– Vi kan tilby ein intim festival full av atmosfære, seier Igland.

Kvar konsert har ei maksgrense på 250 personar, og ifølgje Roger Igland har dei selt over halvparten av billettane til helgas konsertar allereie.

– Billettsalet er som forventa. Vi har selt halvparten av billettane og det er vi godt nøgde med. Hit kjem folk i alle aldrar, så festivalen har ei fin blanding av yngre og godt vaksne.

Artikkeltags