Oppkøyringane er i gang igjen - og langt fleire enn vanleg står

Trondheim, Norway 20160519.
Øvelseskjøring i bil. L symbolet på bilen. Øvelseskjøring. Sertifikat. Førerkort. Bilkjøring. Kvinne ser i speilet. NB! MODELLKLARERT
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Trondheim, Norway 20160519. Øvelseskjøring i bil. L symbolet på bilen. Øvelseskjøring. Sertifikat. Førerkort. Bilkjøring. Kvinne ser i speilet. NB! MODELLKLARERT Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

TRAFIKK: Det er stor etterspurnad etter oppkøyringstimar hos Statens Vegvesen, og onsdag i førre veke starta oppkøyringane for personbil, klasse B.

DEL

- Frå vi starta opp igjen onsdag har vi gjennomført 1047 oppkøyringar i klasse B. Tek vi med andre førerkortklassar slik som buss, lastebil og så vidare, blei det gjennomført over 1700 oppkjøringer i førre veke, seier Henning Harsem, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Svært gode resultat

Heile 89 prosent av dei som køyrde opp for personbil i førre veke, bestod prøva. Vanlegvis er andelen som består oppkøyring første gong under 80 prosent.

– Dette er svært gode resultat. Alle som består oppkøyringa på første forsøk er med på å redusere køa. Her har både elevane og trafikkskulane gjort ein god jobb, seier Harsem.

Han legg til at dei har stor forståing for at mange er ivrige etter å køyre opp etter ei lang ufrivillig pause i trafikkopplæring og oppkøyringar. Statens vegvesen brukar difor alle tilgjengelege ressursar på å gjennomføre flest mogleg oppkøyringar. Ein del av sensorane er imidlertid i ei risikogruppe for koronaviruset og kan difor ikkje gjennomføre oppkøyringar no.

Det er ingen reservekapasitet av sensorar tilgjengeleg. For å bli sensor må ein ha gjennomført ei seks månaders utdanning, så køa i sommar må uansett takast unna med dei sensorane som er tilgjengelege.

Trafikkskulane må bestille

Det er trafikkskulane som må bestille oppkøyringstime hos Statens vegvesen på fullmakt frå eleven.

– Det er viktig at alle kandidatar som blir melde opp har fullført all obligatorisk opplæring og har bestått teoriprøva, slik at vi unngår avbestillingar av oppkøyringar, seier Harsem.

For å unngå for stor pågang på systema samstundes, blir oppkøyringstimar for dei ulike fylka lagde ut til ulik tid. Trafikkskulane vil få tilsendt oversikt over når dei kan bestille neste runde med oppkøyringstimar.

Artikkeltags