Svanøy, også kalla Sunnfjords perle, er ei vakker øy med rik historie, kulturlandskap og mange kulturminne.

Vi tek ikkje stilling til oppdrettsnæringa generelt eller dei som driv med oppdrett på Svanøy spesielt når det gjeld spørsmål om forureining og påverknad av liv i sjøen, men vil heller fokusere på plasseringa og tettleiken av oppdrettsanlegg rundt øya.

På nordaustsida av Svanøy, rundt Austnesvågen og Austneståa, har det vore oppdrettsanlegg sidan 1970-talet. Desse har mange av oss lokale blitt vande til.

I 2018 kom eit nytt anlegg ved Marøytåa, midt i innseglinga til Svanøybukt. Denne plasseringa har endra leia for både småbåtar og større båtar som skal til eller frå Svanøyvika/Svanøybukt. Også rutebåten må no ta ein ekstra sving utanom anlegget. Anlegget ligg like utanfor ei vik som tidlegare var eit triveleg mål for mange barnefamiliar på tur i småbåtar. Det ligg og midt i utsynet frå mange hus og hytter.

Den nye oppdrettslokaliteten som er på veg kjem på Sandkvia, på sørsida av Svanøy.

Anlegget på Sandkvia vil verte svært dominerande i eit område som no er relativt urørt. I strandsona her er det ingen hus, sjøhus, flytebryggjer, båthamner eller andre større installasjonar. Området er mykje nytta til turar. Om ein fylgjer stiar/strandlinja, vil anlegget liggje sentralt i utsikta mot sjøen heile vegen.

Kva hjelper det om strandsona er verna når det kjem installasjonar med blinkande lys og kontinuerleg støy i sjøen like utanfor? Anlegget vil bandlegge eit sjøområde som til alle tider har vore nytta av yrkesfiskarar og fritidsfiskarar, og som er lett tilgjengeleg for småbåtar på korte turar.

På Sandkvia er det ei stor og fin strand, eit turmål og ein badeplass, spesielt for barn. Utsikta frå denne stranda er storslått, og utgjer motivet på fana som NIkolai Astrup måla til Svanøy ungdomslag (tidleg 1900-tal).

Anlegget vil liggje utanfor Vardeneset. Der er det eit freda kulturminne; ei gravrøys frå vikingtida. Der står og ein varde av ukjent opphav, men den er merka av på kart so langt tilbake som frå 1865. I nyare tid låg det eit oppdrettsanlegg ved Vardeneset. Drifta der vart avslutta i 2001. Det nedlagde selskapet som dreiv den gongen «gløymde» å rydde opp etter seg. Sjøen er endå forureina av mykje tau, festa i botn og flytande på overflata. Det nye anlegget på Sandkvia vil óg liggje utanfor Vardeneset, men lenger frå land.

Vi er fleire hus- og hytteeigarar med utsikt til sjøen som no vil få anlegget på Sandkvia "midt i fleisen", med lyd- og lysforureining tett innpå oss.

Det vart gjeve løyve til denne lokaliteten allereie i 2018. Ingen info har kome og ingenting har skjedd i tida sidan. Overraskinga var difor stor då vi i juli i år fekk info, nokon på FB, nokon på mail, og andre av tilfeldig besøkjande, om oppstart i august i år. Før løyve vart gjeve i 2018 var det ei kommunal "høyring". Denne gjekk under radaren for dei fleste av oss. Nokon har kjøpt hus i området etter 2018, uvitande om løyvet til oppdrettsanlegg midt i utsikta frå huset deira. Andre kjende til høyringa, men opplevde det nyttelaust å protestere. Det vart sagt at området allereie var avsett til akvakultur i arealplanen til Flora kommune og at det difor skulle mykje til å endre plasseringa. Eventuelle protestar ville berre føre til ufred i lokalsamfunnet, vart det sagt.

For oss er det vanskeleg å forstå at det vart tillate med eit oppdrettsanlegg så inngripande i eit så urørt område, med så mange kvalitetar og omsyn. Og det på den delen av Svanøy kor det allereie er fleire oppdrettsanlegg.

Omsynet til fiskeplassar, turstiar, utsiktspunkt, badestrender, landskapsestetikk og heilskapen må vurderast eksplisitt når ein arealplan vert utarbeidd. Desse omsyna skal vurderast i høve kvar einskild, konkret søknad om lokalitet.

Området som no er avsett til akvakultur vil gje eit anlegg her ein mykje meir dominerande plassering i heile bukta frå Austneståa til Vardeneset. Det vil og kome nærare "naboar" og få ein større påverknad på tidlegare omtala omsyn. I grunngjevinga for løyvet til det nye anlegget på Sandkvia vart det trekt fram at "søkjar manglar tilstrekkeleg lokalitetar for å sikre seg ein stabil og jamn produksjon". Andre syn på saka er ikkje kommentert. Har andre syn i det heile vore innhenta… eller er dei vorte tilsidesett?

Dei tre omtala anlegga, Marøytåa, Austneset og Sandkvia, vil til saman omringe den delen av Svanøy som ligg mellom Marøytåa-Austneståa/Vardeneset, og liggje slik til at nærast alle stader der ein har utsikt til sjøen, også vil sjå og høyre oppdrettsanlegg.

Fiskeindustriens ringsetting av Svanøy blir meir og meir dominerande. Skal Svanøy i framtida fortsatt kunne bli omtala som Sunnfjords perle må det ei haldningsendring på plass. Vi er mange som ønsker å verne om Sunnfjords perle, forhåpentlegvis også våre politikarar.

Vil Svanøy også i framtida vere «Sunnfjords perle» dersom oppdrettsanlegga skal ha ei så dominerande plassering? Eller skal Svanøy si framtid berre verte styrt etter premissane til oppdrettsindustrien? Kvar er dei handlekraftige politikarane når det er behov for dei?

Det er natur og kultur med Svanøyas sagaomsuste historie gjennom meir enn 1000 år som har gitt øya tilnavnet Sunnfjords perle.

Vi er mange som er uroa av at denne flotte øya får tilnavnet sitt truga av fiskeindustri som ringset store delar av øya. Her må auga opnast hos mange, også hos våre politikarar.

Underteikna av: John Anders Økland, Elise Heldal, Anders Laukeland, Tone Styve Svanøe, Tor Svanøe, Leif Pedersen, Svein Otto Hovden, Tor-Andre Sælemyr Bjerknes, Jane Aalen, Ella Blomsø, Thor Brandsdal, Aina Heldal Bøe, Therese Svanøe Meyer, Inga-Line Marthe Selvik, Tor Gisle Bjerknes, Per Christian Kjørlaug, Per Bjarte Reksten, Marius Kalland, Cato Myrland, Vidar Bekkevold, John Svanøe, Christer Havn, Stein Inge Kjellmann, Ruth Myklebust, Kim Kjellerød, Astrid Svanøe, Jan Helge Oppedal, Barbara Auras Jaatun, Haakon Magnus Jaatun, Tove Svanøe, Siri Svanøe, Arne Schei, Per Egil Book, Therese Bjerknes Book, Anne M. Svanøe, Kim Myklebust, Terje Henriksen, Frode Ulriksen.