Gå til sidens hovedinnhold

Oppdrettarane tapte trafikklys-saka mot staten

Vestlandsoppdrettarane fekk ikkje medhald i søksmålet mot regjeringas trafikklys-system.

Rettforhandlingane gjekk før seg i Sunnfjord tingrett i februar, der 25 oppdrettsbedrifter saksøkte staten for økonomiske tap i samband med pålagt nedbygging av produksjonen i området Nordhordland til Stad. Staten har kravd produksjonen redusert med seks prosent, noko oppdrettarane påstod ikkje var basert på eit fagleg korrekt grunnlag. Bakgrunnen for kravet om reduksjon var eit for høgt lusenivå i området. Mange oppdrettarar i dette store området har kontroll på innslaget av lakselus i anlegget, og meiner eit generelt nedtrekk i heile regionen er urettferdig og fagleg feil.

Frisk fisk, god tilvekst og svært låge lusetal. Likevel må lakseoppdrettar kutte i produksjonen

I dommen som kom onsdag blir staten ved Nærings- og fiskeridepartementet frifunnen.. Oppdrettsselskapa er dømt til å betale statens saksomkostningar på 1.779.027 kroner., melder Bergens Tidende.

– Vi skal gå nøye gjennom dommen og premissane som låg til grunn og så kjem vi sikkert til å anke saka, seier Even Søfteland, talsmann for oppdretterane.

Fiskeriministeren har lovd å sjå på uheldige utslag av trafikklys-systemet.

Vil sjå på uheldige utslag av trafikklys-systemet

Kommentarer til denne saken