På berre ti månader har Brandsøyvegen i Florø fått 1,5 kilometer nytt fortau.

Tysdag 4. oktober på ettermiddagen vert den nye gang- og sykkelvegen feira med taler og lett servering. Opninga skal vere ved Midttunet, på Brandsøy-sida av prosjektet.

Strekninga vest for prosjektområdet har litt etter litt blitt utbygd med fortau, men dette stogga ved Dragselva. Gang- og sykkelvegen er no forlenga med omlag 1,5 kilometer austover, dermed er det ei samanhengande separat løysing for mjuke trafikantar, frå garden Solheim vest for Plassen til Florø sentrum.

Arbeidet starta i januar i år, og er utført av firmaet Entreprenørservice AS frå Førde. På delar av strekninga er det ikkje berre bygd nytt fortau, men bygd opp ei heilt ny vegbane. Fjellskjeringar er sprengt ut, og vegen flytta ut på fylling mot sjøen. På store delar av anlegget er det difor ikkje berre fortauet som får nytt asfaltdekke, men også vegbana.

I samband med bygginga av fortau har Kinn kommune lagt ned ein ny pumpeleidning for kloakk. Fiberkabelen til Telenor er også lagt under bakken i samband med vegbygginga.

Den siste delen av prosjektet frå Plassen til Brandsøy-skule skal etter planen fullførast neste år.

LES OGSÅ:

FAU og grendelag: Vil ha strakstiltak frå ny tilskotsordning

Håp om å få siste del av Brandsøyvegen inn på sekkepost

Brandsøy-folket reagerer sterkt på lokalpolitisk nedprioritering