Torsdag blir det drop-in vaksinering for alle som vil på Florø kulturhus. Det er for alle som vil ha første og andre dose i tillegg til dei som er over 65 år eller helsepersonell som no kan få si tredje.

– Det er berre å møte opp sjølv om du ikkje har bestilt time, seier Dale.

Det som gler han spesielt, er at dei som har telt på knappane for om dei skal vaksinere seg, no er på veg inn i folden.

– Det er ein og anna etternølar med første dose og det er god tilstrøyming av dei som skal ha dose to, seier Dale og er klar på at dette må til skal samfunnet vere beskytta mot viruset.

– Vi har aldri hatt så mykje smitte i samfunnet som no og då er vaksinering avgjerande for at vi skal vere beskytta. Spesielt med den nye omikoron-varianten som smittar lettare. For det første så smittar dei vaksinerte mindre, men det viktigaste grunnen til å vaksinere seg er å unngå alvorleg sjukdom. For slik smittesituasjonen er no så er det berre eit tidsspørsmål for når ein blir smitta, seier han.

Han meiner dei ikkje kan styre samfunnet utelukkande berre etter dei som ikkje har vaksinert seg.

– Det er viktig at alle tak ansvar, og ved å vaksinere deg er du frå eit medisinsk perspektiv med å hindre smitte for alle rundt deg i samfunnet og du beskyttar deg sjølv mot alvorleg sjukdom, forklarer Dale.