Opnar for kolonnekøyring

Det blir kolonnekøyring i Skatestraumtunnelen frå og med måndag 7. september.

Det blir kolonnekøyring i Skatestraumtunnelen frå og med måndag 7. september.

Artikkelen er over 4 år gammel

Pendlarane i Bremanger går lysare tider i møte.

DEL

Måndag 7. september opnar Statens vegvesen for kolonnekøyring gjennom Skatestraumtunnelen. Eller styrt trafikkavvikling som det heiter på fagspråket.

Trafikkavviklinga vil føregå med leiebil til faste tidspunkt som vert annonosert og lagt ut på nettsida til vegvesenet: vegvesen.no.

Slutt på ferja

Søndag 6. september vert siste dag med ferje på strekninga Kjelkenes-Smørhamn.

-Det vert sjølvsagt heft for entreprenøren når vi set trafikk på tunnelen, og det vil forlenge byggetida noko i forhold til om tunnelen er heilt stengd. Men vi håpar det vil lette situasjonen for lokaltrafikken og for pendlarar som vi veit har hatt lang reiseveg til arbeid sidan tunnelen vart stengd , seier seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Entreprenøren er no ferdig med å reinske ut øydelagt vann- og frostsikring i den delen av tunnelen som var heilt utbrend.

Den gode nyhenda: Blir ferdig tidlegare enn frykta

- Framover går vi i gang med å sprenge naudstasjonar inn i fjellet, seier Åsebø.

Dette  for at tunnelen skal bli godkjent etter dagens standardar, som seier at det ikke skal vere meir enn 150 meter mellom kvar naudstasjon, og at dei skal vere sprengde inn i fjellet.

- Vi har  hatt folk inne og filma drensleidningane. Vi har funne ut at vi må grave om lag 500 meter grøft for å skifte ut dei leidningane som blei skada.

Neste veke startar jobben med å montere ny vass- og frostsikring.

- Vi borar boltar i fjellet der vi festar store isolasjonsmatter som held vatnet vekke frå vegbana. Utanpå dei igjen monterer vi armeringsmatter som seinare skal dekkast med minimum åtte centimeter sprøytebetong. Det er for at tunnelen skal bli brannsikker.

Sist men ikkje minst skal det monterast lysanlegg.

Den gode nyhenda er at jobben kjem til å ta mindre tid enn frykta.

- Spesielt arbeidet med å grave grøfter tek tid, men vi reknar med å opne tunnelen for fri ferdsel innan jul.