Det er helse- og omsorgsminister Ingrid Kjerkol som føreslår dette.
Aukande smitte utfordrar testkapasiteten
Dette betyr altså at når desse personane testar positivt på sjølvtest, treng dei ikkje å oppsøke ein teststasjon Det er samstundes ønskeleg at dei nyttar seg av dei kommunale løysningane for registrering av sjølvtestar.
Bakgrunnen for endringane er at sterkt aukande smitte utfordrar kommunanes testkapasitet og analysekapasiteten ved laboratoria.
– Vi ba Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet om ei vurdering av testsystemet 20. januar, med frist 21. januar. Ut frå svaret er det klart at vi no kan opne for at dei som har fått tre vaksinedosar, eller har fått to dosar og gjennomgått infeksjon siste tre månadar, ikkje treng å ta ein bekreftande pcr-test. På bakgrunn av svaret frå etatane har eg gitt Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet i oppdrag å ha snarleg dialog med kommunane og oppdatere anbefalingane om kven som skal få tilbod om bekreftande pcr-testar, seier helse- og omsorgsministeren.
Nesten 2,5 millionar har rukke å ta tredje dose. I tillegg kjem altså dei som har fått to dosar og har gjennomgått infeksjon dei tre siste månadane. Det utgjer ein stor andel av befolkninga, og endringa vil avlaste kommunane.
– Må avlaste kommunane
For denne gruppa vil endringa ikkje ha nokon betydning for status i koronasertifikatet, fordi dei allereie er å ansjå som fullvaksinerte.
– Eg er oppteken av at vi finn løysningar som avlastar kommunane, seier Kjerkol.
Alle som testar positivt på sjølvtestar, blir oppmoda om å registrere seg i kommunens løysingar. Denne eigenregisteringa er viktig for at helsemyndigheitene skal kunne halde fram å overvake smittesituasjonen.
Så langt har 132 kommunar ei slik løysing, som omfattar til saman 4 millionar innbyggarar.
I løpet av kort tid vil KS tilby ei tilsvarande løysing for dei kommunane som ikkje har det. Helsedirektoratet har fått i oppgåve å følge opp dette.