Opnar for 200 kyrkjegjengarar: – Kyrkjene har ikkje plass til så mange

DAGLEG LEIAR: Erling Bakke Nydal i Kinn kyrkjelege fellesråd.

DAGLEG LEIAR: Erling Bakke Nydal i Kinn kyrkjelege fellesråd. Foto:

KYRKJA: Det er både fint og krevjande at kyrkjene no får ta inn meir enn femti personar til sine arrangement.

DEL

– Det fine er at vi kan vere fleire saman og dele både gledelege og sorgfulle hendingar i kyrkjene. Det krevjande er utfordringa med å handtere denne opninga på ein forsvarleg måte, slik at det er trygt å vere saman.

Det seier Erling Bakke Nydal, kyrkjeverje i Kinn kyrkjelege fellesråd.

Han peikar på at «ei armlengdes avstand» er ikkje ein meter om ikkje ein er minst 2 meter lang. Ein meters-regelen gjeld frå skulder til skulder.

– Kyrkjene våre er ikkje store nok til at 200 einskildpersonar kan vere i kyrkjene våre samstundes, når det krevst ein meters avstand mellom personar. Heldigvis kan personar i same husstand sitte i lag.

Alle benkeradene i kyrkjene vil bli brukte, sjølv om det berre er 75 -80 cm mellom dei. Det betyr at ein kan ikkje sitte rett bak kvarandre om ein ikkje høyrer til same husstand, slik det også er på bussar og båtar.

Verneomboda i Kinn kyrkjelege fellesråd, Alice Teunis i Måløy og Jostein Bildøy i Florø, har saman med kyrkjeverje Nydal gått gjennom alle kyrkjene og berekna kor mange, og korleis, ein kan sitte for å utnytte arealet best mogleg slik at flest mogleg kan vere samla trygt. Dei peikar på at dersom husstandar sit saman kan det vere fleire enn det dei oppgir her.

– Dette er noko som må vurderast i kvart tilfelle. Difor er det fint om dei som er registrerte på førehand kan vere i kyrkja seinast ein halvtime før seremonien startar ved gravferder. Då kan dei tilsette vurdere om ein kan auke talet på deltakande. 200 er makstalet uansett, poengterer Nydal.

Dette er tala for dei ulike kyrkjene:

Florø kyrkje – 150 personar, pluss 25 på galleriet

Nord-Vågsøy kyrkje – 160, pluss 20 på galleriet

Sør-Vågsøy kyrkje – 145, pluss 23 på galleriet

Stavang kyrkje – 90 personar, pluss 16 på galleriet

Eikefjord kyrkje – 76 personar, pluss 24 på sidegalleria

Nordal kyrkje – 30 personar, pluss 10 på galleriet

Kinn kyrkje – 40 personar

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken