– Vestlandshuset og folket som arbeider her skal gje tenester til den viktigaste staden i livet til vestlendingen, nemleg der vi bur alle saman, frå sør til nord, sa fylkesordførar Jon Askeland til gjestane då det nye Vestlandshuset offisielt blei opna onsdag. Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Fylkesordføraren seier Vestlandshuset skal vere ein medspelar, med dette meiner han eit Vestland som har engasjement, som utfordrar, og som er patriotisk på same tid.

– Vi ynskjer at dette bygget skal vere ei samlande ramme for det regionale demokratiet, for den politikken som skal ta fylket og folket frå notid til framtid. Dette er huset vårt, Vestlandshuset, velkomen heim, alle saman!

Fredens veg

På kvinnedagen dedikerte Askeland opninga av Vestlandshuset til alle, og håpa at menneska i huset vil arbeide for eit Vestland som vel fredens veg i samfunnsutviklinga.

– Slik vil det å opna eit folkevald hus på kvinnedagen ikkje vera kamp, men ein delsiger i ein sjølvsagt rettferdskamp, seier Askeland.

Varaordførar Natalia Golis nytta sjansen til å gratulere alle kvinner med dagen, og kunne fortelje at fylkeskommunen har ein kvinneandel på 58 prosent.

Heile fylkesutvalet, 17 i alt, var med på snorklippinga.

Til offisielle opninga av Vestlandshuset hadde nesten alle ordførarane med seg ein stein i bagasjen. Ein varde bygd av 43 steinar, ein frå kvar kommune, skal symbolisere at huset skal vere ein varde for det lokale og regionale demokratiet.

Under den offisielle opninga blei vestlandsvarden bygd opp inne, men den skal få sin faste plass i den eine takhagen til Vestlandshuset.

Devonstein frå Bremanger

Den devoniske sandsteinen som Anne Kristine Førde, ordførar i Bremanger, har med seg, er danna etter den kaledonske fjellkjeda for 420 millionar år sidan. Steinen er godt eigna som tilslag i asfalt i Europa, der bilane køyrer piggfritt.


– Det som skil sandsteinen frå andre er at den er av særs høg kvalitet, og vert eksportert frå Bremanger Quarry til fleire europeiske land, fortel Førde.

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang har også ein stein med ei viktig historie. På Eitrheimsneset, det steinen er henta frå, har det vore sinksmelteverk sidan 1924. Neste år er «Zinken» 100 år. I dag bygger dei eit nytt verk med lågt miljøavtrykk.

– Smelteverka i Tyssedal og Odda har jo verkeleg gitt brød og melk på bordet til generasjonar. Denne steinen vil ha sterk symbolikk i varden, grunnfjell frå Hardanger, sprengt ut av «mor Noreg» for å gje plass til vasskraftforedla metall, seier han.

Konglomerat frå ei forsteina elv er det Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund, har med. Også konglomerat er eit spor etter den kaledonske fjellkjeda. Området i Solund er unikt i verdsamanheng og har danna eit karakteristisk landskap.

– Steinen kan vere eit symbol på fellesskapet vårt, som kan speglast i konglomeratet med alle dei ulike elementa, fargane og formene som er smelta saman, seier Åmdal Mongstad.

Steinlaus

Ola Teigen, ordførar i Kinn, tydde til Firdaposten med ei spesiell etterlysning to dagar før vardebygginga. Han reiste til Bergen steinlaus, og var på jakt etter ein vikar-stein: – Hjelp, eg manglar ein stein!

Fylkesordførar Jon Askeland kunne melde tilbake i avisa at han har hatt møte med seg sjølv og fatta eit steinviktig hastevedtak om at den førebels uoffiselle kinnasteinen vert den øvste i vestlandsvarden:Sjekk fylkesordføraren sitt steingale svar til Ola Teigen

Situasjonen har løyst seg, og til slutt enda Teigen opp med heile tre steinar. Han valde den beste og den tronar no øvst i varden - slik at den kan bli bytta ut når Kinn kommune har gjort vedtak om kva som skal vere den offisielle kommunesteinen.