Fire ulike opera-arrangement

Fredag kveld var det operasmakebitar på Vesle Kinn. Video: Truls Kleiven

For dei som verkeleg vil ha ei helg fullspekka av operaopplevingar, er Florø staden denne helga.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Kystbyen byr denne helga på fire ulike operaarrangement, der sjølve operakonserten laurdag kveld sjølvsagt er hovudarrangementet; Eit maratonløp gjennom 400 år med Opera på berre 90 minutt.

Festen starta allereie fredag kveld med operapub på Vesle Kinn, der det vart servert ein liten operasmakebit (sjå video).

Og festen held fram laurdag 17.30 på Comfort Hotel. Då dukkar maratonløpar og tidlegare fylkesteatersjef Terje Lyngstad opp med eit operakåseri, eit lett hurtiginnføring i operakunsten og operahistoria, som oppvarming til sjølve operakonserten. Litt perlande drikke kan ein òg få kjøpt for å hjelpe på operatseminga, fortel Edvin Helgheim.

– Terje gjorde ein flott jobb som teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater. Og under fylkesjubileet i 2013 gjennomførde han eit maratonløp på 430 km gjennom fylket, ei veke i påfugldrakt for å gjere ære på fylkets store løparkonge, Mensen Ernst frå Fresvik. Det er på alle måtar ein fargerik kar folk får møte på førespelet!, fortel Helgheim.

Og kvelden er ikkje slutt med det. Det blir òg nachspiel på Comfort, med litt mat og drikke og fleire musikkopplevingar. Vil ein dit, må ein innom hotellet og kjøpe billett på førehand, opplyser Helgheim.

Artikkeltags