Gå til sidens hovedinnhold

Omikronfrykten aukar – ny tiltakspakke i kveld

Kraftige innstrammingar er på trappene for å bremse koronasmitten i Noreg. Helsestyresmaktene fryktar ei stor bølgje med omikron i vinter.

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) varsla måndag at det vil bli lagt fram kraftigare tiltak som folk vil merke i kvardagen sin.

– Vi må sørgje for at helsetenesta ikkje blir overbelasta, og at folk får den helsehjelpa dei treng. Det gjeld òg pasientar som er sjuke av andre grunnar, sa Kjerkol til NTB måndag.

Tysdag klokka 19 legg regjeringa fram fasiten på ein pressekonferanse i Oslo. Der deltek òg statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Har foreslått tiltak

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet jobba i helga intensivt med tilrådingar til regjeringa.

Desse tilrådingane er no leverte.

– Vi har vurdert situasjonen grundig og foreslått tiltak som vi trur vil redusere belastninga på helsetenesta i Noreg, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad til NTB.

Han legg til at det er opp til regjeringa å ta stilling til tiltaka.

Også Folkehelseinstituttets kriseleiar Line Vold har stadfesta til NRK at strengare tiltak er på trappene. Helsedirektør Bjørn Guldvog uttaler til VG at det er behov for fleire kontaktreduserande tiltak.

– Ingen område er direkte spart. Vi må sjå på fritida vår, arbeidslivet, skulane, universitet og idretten. Og leite etter gode løysingar som er minst mogleg inngripande, seier han.

Avstand og tal

NTB er kjent med at tilrådingane frå helsestyresmaktene er knytte til både avstand og maksimaltal.

Dette er nokre av spørsmåla regjeringa må ta stilling til:

* Avstand: Éi moglegheit er å innføre den såkalla meteren att. Alternativt kan meteren «snikinnførast» gjennom andre avstandskrav.

* Besøk i heimen: Nye råd eller reglar kan bli innført om talet på gjester i private heimar.

* Arrangement: Det kan komme nye maksimaltal og andre innstrammingar for idrettsarrangement og konsertar.

* Fritid: Det kan komme innstrammingar for breiddeidrett og andre fritidsaktivitetar.

Det er likevel uvisst korleis regjeringa vil stille seg til råda frå helsestyresmaktene.

Ved fleire høve tidlegare i haust har regjeringa til dømes late vere å følgje opp tilrådingar som Helsedirektoratet har gitt.

Vil gi kompensasjon

På pressekonferansen tysdag kveld deltek òg finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), og NTB er kjent med at regjeringa har jobba med nye krisetiltak som kan kompensere for dei økonomiske konsekvensane av smittevernrestriksjonane som no er på veg.

NHO og Virke har spesielt etterlyst ei nasjonal kompensasjonsordning for bedrifter med høgt omsetningsfall.

Vedum har allereie ført vidare ei kommunal kompensasjonsordning, men det er ikkje nok, åtvarar NHO.

– Den kommunale ordninga regjeringa viser til, er altfor uføreseieleg. Ho blir administrert på ulikt vis i kommunane, er ikkje transparent og har innslag av skjønn, sa NHO-sjef Ole Erik Almlid til NTB måndag.

Sjukehustala aukar

Det siste døgnet er det registrert 4.117 koronasmitta i Noreg.

Det er framleis deltavarianten som dominerer, men fleire omikronutbrot skaper alvorleg bekymring.

Samtidig aukar talet på innlagde pasientar med covid-19. Måndag var 295 koronapasientar innlagde på sjukehus, 33 fleire enn dagen før og berre 30 færre enn toppen i heile pandemien på 325 koronapasientar. Det var 1. april 2021.

I ei oppdatert risikovurdering tysdag skriv Folkehelseinstituttet (FHI) at omikronvarianten truleg i betydeleg grad vil forverre sjukdomsbyrda og belastninga på helsetenestene i månadene som kjem.

Omikron vil sannsynlegvis forårsake ei bølgje med «betydeleg sjukdomsbyrde» i desember og januar, åtvarar FHI i den nye risikovurderinga.

– Det er derfor nødvendig med sterkare tiltak mens ein får større oversikt og kunnskap og får vaksinert fleire, skriv FHI vidare.

Kommentarer til denne saken