- Vi har jobba dag og natt i over tre veker for å få granskinga og verktøyet klart til bruk. Vi er avhengig av å handle raskt. Folk må gi oss svara sine medan dei opplever karantenetiltaka og eventuell isolasjon på kroppen, seier Omid Ebrahimi (27) frå Florø.
Omid Ebrahimi er for tida stipendiat ved Universitetet i Oslo og Modum Bad, og han har starta prosjektet saman med førsteamanuensis Sverre Urnes Johnson og Professor Asle Hoffart som også jobbar ved UiO og Modum Bad.
Kva gjer isolasjon med deg?
Kort fortalt skal teamet ved Universitetet i Oslo og Modum Bad studere effekten av covid 19-viruset på nordmenn si psykiske helse og korleis dette kan påverke folk si evne til å overhalde styremaktene sine råd og bestemmelsar i ei slik krisetid.
- Vi er opptekne av å sikre oss geografisk breidde i svara, for å best forstå korleis alle i landet har det no. Vi kan ikkje spørje kun folk i storbyane. Målet vårt er å få svar frå minst 10.000 respondentar på kortast mogleg tid. Difor ber vi no lokalavisene i landet om hjelp, seier han.
Vil du hjelpe forskarane med kartlegginga? Klikk på denne lenka!
Forskarane er opptekne av korleis vi kan verne om folks psykiske helse slik at dei betre kan etterfølgje helsetilrådingane til regjeringa. Desse råda er særs viktig frå eit folkehelseperspektiv i kampen mot viruset.
Omid Ebrahimi er opprinneleg frå Iran. Han kom til Florø som 11-åring. Etter vidaregåande har studiane teke 27-åringen verda rundt. Det seks år lange psykologistudiet gjorde han unna i Bergen, men han har også studietid bak seg ved NTNU innan ingeniørfag, universitetet Berkeley i California og i Hong Kong. Og sjølv om han har opplevd mykje, blir dei neste par vekene noko av det mest spennande som stipendiaten har opplevd.
Datainnsamling i no-bildet
- Det unike er at ting må skje så raskt. Både prosjektet og kontrollorgana sine ulike godkjenningar har blitt jobba fram i rekordfart. Skal vi kartlegge og samle data, så må det skje no medan vi som nasjon står midt i krisa, slår han fast.
Undersøkinga inneheld også ein del tilleggspørsmål til dei som no jobbar i framste linje for å berge liv; helsearbeidarar, politikarar og sosialarbeidarane våre. I tillegg til den auka risikoen for å bli smitta og fysisk sjuke, så er det også ei mental tilleggsbelastning ved å jobbe i framste linje i krisetider.
Vi håpar å bidra til korleis vi i samtida og framtida vil kunne verne denne særs viktige og sårbare gruppa når kriser råkar oss, seier Omid.
Mange ubesvarte spørsmål
- Kva andre hypoteser har de i forkant av granskinga?
- Vi har mange. Og mange spørsmål vi jaktar svar på. Vil folk som slit med pyskisk helse få ei ekstrabelastning i slike tider? Vil vi sjå ein auke i folk som oppsøkjer lege fordi dei trur dei har hjarteproblem, mens det eigentleg er eit angstanfall som er utløyst? Og kva med folk som lir av OCD og andre typar tvangslidingar? Vil dei faktisk fungere betre enn til vanleg, no som styremaktene tydeleg fortel oss korleis vi skal leve liva våre, spør Ebrahimi.
Målet til forskarane er å få inn minst 10.000 svar på kort tid.
Tek matematikken og fysikken i bruk
- Vi skal analysere data på ein ny måte, sett med psykologien sine auge. Vi tek i bruk verktøy som er meir tufta på matematiske og fysiske modellar enn kva ein tradisjonelt har gjort før. Slike analysar er laga for å gi meir spesifiserte svar på den komplekse dynamikken som oppstår mellom psykologiske symptom og andre faktorar under slike globale kriser. Ein konsekvens av dette er at vi treng fleire respondentar enn vanleg, forklarar Ebrahimi.
No håpar han lokalavislesarar rundt i heile landet kan hjelpe forskarane.
- Så skal vil sjølvsagt dele resultata med lesarane når dei er klare, lovar Ebrahimi.