– Viss du skadar folk eller eigedom med ein ulovleg elsparkesykkel så risikerer du å ende i botnlaus gjeld, seier juridisk seniorrådgjevar i Forbrukarrådet, Thomas Iversen.

Regelverket var stramma inn i sommar med innføring av promillegrense, aldersgrense og påbod om hjelm. Frå nyttår må elsparkesykkelen også ha gyldig ansvarsforsikring sidan aktiviteten no går inn under bilansvarslova.

Prisane på forsikring varierer mellom ulike selskap, men det ligg i området 59–82 kroner kvar månad, melder NRK.

Forsikringa vil vere knytt til serienummeret på elsparkesykkelen, slik at det trengst eigen forsikring på kvar av dei viss ein har fleire.