Nett no er ho i gang med eksamen ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ho er no i sitt tredje år, og ferdig utdanna om to - då kan ho kalle seg lektor.

Lærargjerninga ligg i blodet

– Eg er nok litt påverka av familien min: Mamma og to tanter pluss fleire søskenbarn er eller skal bli lærarar. Så det ligg nok litt i blodet mitt. Eg synest det er gøy å lære frå seg, og eg vil ha ein jobb som ikkje berre er kontor, men heller variert, og med nye utfordringar. Då var dette eit yrke som svarte på dei utfordringane eg ønskte meg. Eg ser mamma trivst veldig godt og har gode ting å seie om yrket, så då blei det naturleg for meg.

Jobben i år som lærar ved sommarskulen Forskarfabrikken i Florø betyr at ho endeleg får litt relevant praksis i ferien. Ho jobbar rett nok som vikarlærer medan ho studerer i Bergen, men når ho er heime i feriane jobbar ho på Eurospar.

– Eg har alltid ønskt meg litt meir relevant arbeid i feriane, så dukka dette opp. Då kan eg kombinere det - heilt perfekt, meiner ho.

Anna skal ta ein master i matte og har i tillegg faga norsk og samfunnsfag. Det er ho veldig nøgd med.

– Det som er så fint med Høgskulen, at ein kan velje slik i staden for berre realfag eller samfunnsfag. Eg er nok mest eit realfagshovud, men så synest eg norsk og samfunnsfag er kjekt. Så eg er med på alt! ler ho.

Spele på lag med elevane

Sommarskulen Forskarfabrikken i Florø blir arrangert i veka etter skuleslutt for barn som skal opp i 5.-7. klasse til hausten. Sjølvsagt har lærarstudenten gjort seg nokre tankar om kva som må til for å inspirere elevane.

– Eg trur ein må tenke kva som er kjekt, og kjekke måtar å lære på. Og slik blir det den veka, med variert undervisning der ein kan finne ut av ting på eiga hand også. Det blir ikkje berre læraren som fortel, vi skal undersøke og gruble over emna i fellesskap. Eg trur ein må spele på lag med elevane og høyre kva dei har lyst til, kva som er kjekt å finne ut av og lære om.

Anna synest ho sjølv har vore heldig og hatt flinke lærarar opp gjennom, som har inspirert henne. Faktisk har ho notert seg metoder dei har brukt for å formidla faga sine, og tenkt at det er ting ho sjølv vil kunne bruke i framtida.

– Vi hadde mellom ein lærar som var oppteken av at vi skulle ut i nærområdet og lære utanfor klasserommet. Det hugsar eg var kjekt, ikkje berre sitte og sjå på bilde, men oppleve ting sjølve, ute i naturen.

Gode rollemodellar er viktig

Kinn, og tidlegare Flora kommune har i fleire år hatt eit årleg opplegg for å inspirere jenter til å velje realfag. Då blir jentene i niande klasse inviterte til å møte kvinner som har valt realfaglege utdanningar, og som jobbar i det som dessverre framleis blir rekna som utradisjonelle yrke for jenter. Sjølv har Anna ei naturleg interesse for realfag, men ho trur det er ein god ting å starte med gode rollemodellar.

– Eg trur det er viktig å vise at ikkje berre gutar kan vere interesserte i realfag, men bruke døme som jenter vil finne interessante og motivere på den måten. Så er det sjølvsagt viktig å heie på og støtte opp om jentene.

Årets Forskarfabrikk skal handle mykje om planeten vi bur på.

– Vi skal finne ut kvifor vi bur akkurat her, og ikkje ein annan planet. Kvar dag har eit tema som handlar om dei viktigaste faktorane for liv på jorda; ein dag kan det vere vatn, ein annan dag magnetisme. Målet er å ungane skal skjøne at jorda er eit stort økosystem som ein må gå saman om å ta vare på.

No skal Anna ha ein eksamen kommande tysdag, og så den siste fredagen etter, så er det sommarferie - men altså med to jobbar. Ho veit enno ikkje kva som skjer etter at siste eksamen er avlagd, men har eit mål:

– Eg tenker at eg vil ende opp i heimbyen, smiler ho.