Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg blei svært glad og takknemleg då eg høyrde at politikarane i Kinn har valt å oppretthalde skulen i Stavang for eit år til! Det var ei svært klok avgjerd av fleire grunnar!
For det første er det svært gledeleg for Stavang si framtid, for barna, foreldra og alle oss andre som ynskjer levande bygder i og kring Stavang. Men dagens politiske vedtak er minst like positivt med omsyn til det behovet for gode og trygge lokalsamfunn med auka sjølvforsyning, samarbeid, samhald og fellesskapsverdiar.
Heilt sidan norske regjeringar byrja å vektlegge utviklinga av urbane industriområde og arbeidsplassar, byrja mange av dei å gløyme at dei politiske planane også skulle fungere for norske utkantstrøk. (Urban industrialisering var på ingen måte noko særnorskt fenomen, men faktisk endå meir utbreidd i Europa).
Med tanke på krisene verda i dag står overfor: natur- og klimakrisene, energikrise, pandemiar, krig, og eit auka trugselbilete frå verdsrommet, er levande og sjølvberga bygder og utkantstrøk truleg viktigare enn nokon gong tidlegare.
Eg rettar difor stor takk og honnør til FAU ved Stavang skule og alle andre som har kjempa og framleis kjempar for Stavang skule og resten av lokalmiljøet! (Det er, som nemnt, verken fornuftig eller klokt å legge ned infrastruktur i utkantane, med tanke på den tida vi er på veg inn i.)

Alle mot alle i Kinn kommune?
Stavang skule er redda – men ein annan skule får kroken på døra