Florø har lang erfaring med å huse flyktningar. I 30 år har byen og kommunen husa dei som flyktar frå overgrep i område med krig og undertrykking. Kapasiteten til mottaket i Florø er på 210 personar. I dag er vel 160 av desse opptekne. Det betyr at dei har ein restkapasitet på 50 personar.

Dette kjem ikkje til å vere nok, skal Norge kunne halde sine lovnader om å vere ei frihamn for dei som no er tvungne til å frykte frå krigen.

Ekstraordinært møte i dag

Så vi kontakta mottaksleiar på Solbakken Asylmottak, Bente Nygård, for å høyre korleis dei no går fram.

– Vi er blitt invitert av staten til å vere med på dugnaden i samband med krigen i Ukraina. Om ikkje Kinn kommune og florøsamfunnet, med den lange erfaringa vi har på dette feltet, klarer å hjelpe, så er det ingen som kan, slår Nygård fast.

No skal kvar ein stein løftast for å kunne bidra.

Tidlegare i dag (tysdag) hadde KURS KF (Kinn utdannings- og ressurssenter) eit ekstraordinært styremøte der saka skulle diskuterast. Deretter skal kommunedirektøren førebu ei sak som skal opp i neste kommunestyremøte i Kinn. Her vil dei mest truleg ta stilling til korleis dei kan kunne huse fleire flyktningar.

Vil utvide

– Vi er ganske så fulle i dag, men spørsmålet er om vi skal utvide, kor mykje og når vi skal gå i gang, forklarar Nygård.

Ho fortel om stor aktivitet i Utlendingsdirektoratet (UDI) der dei har sagt at dei ønskjer ei minimumsauke på mottaka med 100 personar. Dei ulike driftsoperatørane ved mottaka har allereie blitt kontakta av UDI, der dei ber om å kartlegge moglegheiter for utviding.

På direkte spørsmål meiner Nygård at dette er noko som skal kunne la seg gjere.

– Det er ikkje avgjort enno korleis dette skal gjennomførast. Bustadkontoret og KURS KF ser no på ulike moglegheiter, men det er opp til andre, det vere seg staten, kommunedirektøren og kommunestyret å bestemme tiltaka vidare, seier Nygård.

Sjølv om Nygård opplyser om at tre firedelar av kapasiteten ved mottaket er nytta i dag, så vil ein også på dette feltet kunne snu seg om for å møte krisa som no går inn på oss alle.

– Om vi få beskjed om at vi skal utvide, så utvidar vi. Det skal gå heilt greitt.