Gå til sidens hovedinnhold

Om hatprat, hysteri og krenkingar

Artikkelen er over 1 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vi kunne nettopp lese om ei kvinne som vart dømd til 24 dagars fengsel på grunn av at ho blant anna hadde sagt til ein mann av utenlandsk opphav at han burde kome seg tilbake til Afrika . Dei fleste av oss er einige om at det er stygge og sårande ord som aldri burde vore sagt . Men Norge og resten av verda flyt over av stygge og sårande ord som aldri skulle vore sagt. Skal vi då byrje å saksøke nokon kvar gong dei seier noko sårande til oss? Eg som trudde politi og rettsvesen allereie var overarbeida og mangla kapasitet til å ta seg av alvorlege saker og farlege hendingar. Og eg lurer på om det ikkje ganske fort vil bli stor plassmangel i norske fengsel?

I tilfelle det skal vere straffbart med krenkingar i form av ord burde jo det gjelde alle typar krenkingar, ikkje berre det som gjeld rase , religion osv. Det kan vel vere like sårande for ein person å høyre noko om overvekta si som det er for ein annan å høyre noko om hudfargen sin. Det trengs så visst ei haldningsendring når det gjeld kva ord ein brukar til kvarandre. Men dersom folk skal fengslast for sine øydeleggande ord burde vel dei første som straffast vere dei som ikkje eingong klarar styre tunga i sin eigen heim.

Kor mange sårande ord kan koner og born oppleve opp gjennom åra utan at det har noko med legning, hudfarge eller andre ting i paragraf 185 å gjere? Og korleis skal det gå med media som stadig mobbar og hånar kjendisar? Er kjendisar ei eiga gruppe som det er lov å hetse så mykje ein vil? Har ikkje dei også følelsar? Og alle kommentarfelt kan iallefall bli stengt med det same. Ein del av det som står der går ikkje eingong an å tenkje på. Eg tvilar på at politiet har kapasitet til å ta seg av det.

Eg meiner at noko er alvorleg skeivt i Norge når ein mann kan kome unna med berre eitt års fengsel for å ha valdteke ei kvinne, og dermed kanskje ha øydelagt henne for livet. Skal vi byrje å dra kvarandre for retten på grunn av sårande ord? Det finst rett nok ord ein burde bli fengsla for, og det er truslar om mord, valdtekt, vald og liknande. Der det er fare for liv og helse og folk lever i ein tilstand av frykt som følgje av det. Men kva folk kan føle seg krenka av i våre dagar er eit heilt eldorado . Det nye tillegget i hatpratlova vil og kunne bli eit maktvåpen i hendene på ideologiske organisasjoar til å kneble trusfriheita ytterlegare . Både trusfriheit og ytringsfridom er nok innskrenka frå før. Det er på tide med litt sunt bondevett .

Kommentarer til denne saken