Olsenbanden på elsparkesykkel og med fluktbil frå bilkollektivet? Ja visst – men samtidig er også bowlarhatten på plass i den fornya utgåva av filmklassikaren.

– Det var mykje diskusjon om å ta frå Egon bowlaren. Men han høyrer med, han er han, seier «Olsenbanden – Siste skrik»-regissør Hallvard Bræin. Medan Anders Baasmo, som overtok den filmatiske hatten etter Arve Opsahl som ein Egon Olsen for vår tid, påpeikar:

– Det var ikkje akkurat på moten å bruke bowlarhatt på 70-talet heller.

For det var då Olsenbanden-filmane for alvor fekk innpass, etter modell frå den danske originalserien. Startskotet gjekk i 1969, og det vart 14 filmar fram til «Olsenbandens siste stikk» i 1999. Hallvard Bræin, folkekjend med «Børning»-filmane, seier det var litt av ei utfordring å bli spurd om å ta roret på den nye Olsenbanden-skuta.

– Dette er ein kulturarv som alle har eit forhold til. Eg ville føre vidare universet skapt i dei norske filmane. Svenskane prøvde seg på å fornye versjonen sin, Jönssonligan, utan at det fall i god jord hos publikum, seier regissøren til NTB.

Munch einaste rette

«Olsenbanden – Siste skrik» har vorte ein munter film for heile familien, med referansar til både vår tid og med respektfulle nikk bakover. Som når den fiktive, tyske pengeskapsprodusenten Franz Jäger no har svinga seg opp på hitech tryggingssystem til Munch.

– Eg trur det er ålreit i ei tid som vi er i no. Å komme med ein film som berre er energi og glede og underhaldning og varme. Som berre er gøy!

Samtidig er det nokon biljaktscener av beste merke i filmen, med politijakt som strekkjer seg over heile byen. Også politiet er glad i Olsenbanden, ifølgje regissøren, og stilte villig opp. Framleis jobbar det folk i Oslo-politiet som var med på å leggje til rette biljaktene i dei gamle filmane.

Men så gjaldt det å finne ut kva kuppet i den nye filmen skulle vere. For i dag nyttar det jo ikkje å rane bankar – der finst det verken pengar eller gullbarar meir. Dermed vart plottet som tittelen antydar: Å rappe «Skrik» i tre versjonar.

– Det nye Munchmuseet var ikkje opna då vi spelte inn. Å kuppe Oslos mest omdiskuterte nybygg var det einaste rette å gjere. Det var det mest spektakulære Olsenbanden kunne gjere i dag, smiler Bræin, som jobba med eit manus av Karsten Fullu.

Farga av karakterane

– Heilt opp der, seier John Carew krytt og peikar på ein stor filmplakat. Etter pressefotograferinga då filmen vart presentert fredag er filmens Benny oppteken av å vise dei andre to «bandemedlemmene» kor høgt han fekk klatre opp på Munchmuseets fasade før ein stuntmann overtok.

Carew møtte på audition og hadde ifølgje regissøren ein litt annan inngang til tolkinga av den løysingsorienterte og ledige Benny enn dei andre som prøvde seg. For det er lett å fortape seg i å kopiere forgjengaren, i Carews tilfelle Sverre Holm.

– Eg prøvde å gjere min eigen vri for vår tid, ikkje 1970, seier Carew – som levde seg inn i rolla.

– Eg skulle gjere ein reklamejobb nokre veker uti innspelinga. Sjefen såg på meg og sa «du går ikkje som du pleier». Eg hadde endra ganglaget mitt, eg var litt lett på tå som Benny og tok det med meg heim, ler han – medan Anders Baasmo nikkar attkjennande.

– Ein blir farga av karakterane sine. Du byrjar å kjenne at «dette er meg», uansett kva rolle det er, seier den premierte skodespelaren som var det sjølvsagde valet til filmselskapet som den stormannsgalne meistertjuven Egon Olsen anno 2022.

Sa stopp

– Når du står der i bowlar framfor Botsfengselet kjenner du på tradisjonen, seier Baasmo til NTB. Han meiner at «Olsenbanden – Siste skrik» gjer det einaste rette og moglege med nikka sine bakover, som ei bru frå det gamle til det nye.

– Såg de på dei gamle Olsenbanden-filmane før de gav dykk i kast med rollene som Egon og Benny?

– Ja, det gjorde vi, seier dei to i kor. Anders Baasmo anslår at han såg fem av dei, for å plukke noko med seg frå Arve Opsahls tolking.

– Men til slutt fekk vi beskjed av regissøren om at «no er det nok». Vi hadde sett så mykje, for mykje, og byrja å høyrast ut som dei opphavlege skodespelarane på leseprøvene! ler Carew.

Egon-fiksert

Det yrer med kjende fjes i filmen. Ein passe rivjernete Valborg for vår tid blir gestalta av Charlotte Frogner, som hoppar etter Aud Schønemann og har god kustus på sin saktmodige Kjell, spelt av Elias Holmen Sørensen.

Robert Skjærstad, som spelte i den siste filmen frå 1999, blir som Munch-tryggingsvakt hundsa med av Egons nemesis, kriminalbetjent Hermansen – i Vidar Magnussens rolletolking. I 12 av dei gamle filmane blir politimannen spelt av Sverre Wilberg, som Wikipedia fastslår «er mest kjent for rolla som Hermansen».

– Viss vi lagar 17 filmar, så blir det kanskje sånn for meg, spøkjer Magnussen – og legg til at det berre hadde vore hyggjeleg. For han har prøvd seg mest på teater og TV, og «Olsenbanden – Siste skrik» er hans andre kinofilm i karrieren.

– Eg såg filmane som barn, men valde å ikkje sjå dei om igjen før eg skulle spele Hermansen. Den mest morosame scena å spele inn? Då Hermansen skulle avdekkje brotsverket framfor eit stort pressekorps. Regissøren bad meg vere sintare og sintare og gav meg fridom til å bli så sint eg klarte. Det er mange statistar eg hadde problem med å sjå i auga etterpå!

(©NPK)