– Det har skjedd ei enorm utbygging og utvikling på norsk sokkel, og det vil vere viktig å bevare ein del av desse innretningane, anlegga og miljøa for framtida, skriv kommunedirektøren Per Kristian Vareide i ei saksutgreiing, ifølgje Stavanger Aftenblad.

Det var bygd 14 slike plattformer i Hinnavågen frå 1973 til 1995, og dei vart sette inn på felt som Statfjord, Gullfaks og Troll. No nærmar tida seg for at mange av dei blir tekne ut av produksjon.

Kommunedirektøren får støtte for forslaget frå museumsdirektør Finn E. Krogh og fagsjef Björn Lindberg ved Norsk Oljemuseum.

– Betongplattformene er eit teknologisk underverk. Ingenting på verdsarvlista er i dag knytt til petroleumsindustrien. Dette kan vere ein fin anledning til å lage eit monument over ein oljealder som vi står midt i, seier Björn Lindberg.

Tanken er å fjerne bore-, prosess- og hotelldelen, og la beina – sjølve condeepen – bli ståande igjen. Det blir ikkje lagt opp til publikumsturar til installasjonane, det er heller ikkje noko krav for å få innpass på verdsarvlista.

(©NPK)