Gå til sidens hovedinnhold

Oljepakke kostar skattebetalarane 8 milliardar kroner

Artikkelen er over 1 år gammel

Regjeringspartia og opposisjonen er samde om tiltak som kan koste staten 8 milliardar kroner i reduserte skatteinntekter frå oljeselskapa.

Årsaka til ekstrarekninga er at dei seks partia – for å få på plass eit breitt forlik – valde den dyraste av dei to modellane som låg på bordet.

– Det betyr at vi bruker 8 milliardar meir enn vi hadde trunge å gjere, seier Frp-leiar Siv Jensen.

Avtalen mellom regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre og Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet vart klar måndag ettermiddag, fleire dagar på overtid.

Friinntekt og selskapsskatt

Både Framstegspartiet og Senterpartiet hadde sett for seg ei anna løysing, der staten ifølgje Finansdepartementet ikkje ville ha tapt pengar.

– Det hadde vore ei billegare og definitivt også ei betre løysing, seier Jensen.

Forhandlingane har handla om utsett skatt for oljeselskapa i kjølvatnet av oljeprisfall, koronakrise og økonomisk bråstopp. Formålet har vore å frigjere pengesummar i 100-milliardarsklassen til nye investeringar. Det har Stortinget no sikra.

Kjernepunktet som gjer avtalen kostbar, er at selskapsskatten ikkje blir rokka ved.

I staden blir den såkalla friinntekta auka til 24 prosent. Friinntekta er eit særskilt skattefrådrag på investeringar som oljeselskapa nyt godt av. Regjeringa foreslo opphavleg ei friinntekt på 10 prosent.

Smitteeffekt

Finansdepartementet åtvara fleire gonger kraftig mot å blande selskapsskatten på 22 prosent inn i forhandlingane om oljeskatt. Årsaka er frykt for at også andre bransjar då skal krevje frådrag frå selskapsskatt.

Parlamentarisk leiar Terje Breivik seier det har vore eit absolutt krav for Venstre å ikkje trekkje inn selskapsskatten.

– Den er universell og gjeld alle næringsdrivande, alle verksemder. Selskapsskatten var ein berande pilar i skatteforliket i 1992, seier han til NTB.

Breivik meiner det er ein «openberr stor fare» for ein smitteeffekt, som hadde vorte veldig vanskeleg å stå imot viss dette vart rokka ved no. Han er klar på at Venstre helst ønskte seg eit resultat som låg nærare det opphavlege forslaget frå regjeringa, og iallfall ei løysing som ikkje hadde ført til skattetap.

– Men slik er det å inngå kompromiss, seier Venstre-toppen.

Under pressekonferansen på Stortinget tok han seg i å sakne SV i forhandlingane. Partiet trekte seg ut av samtalane alt for ei knapp veke sidan.

Nye utbyggingar

Avtalen har òg ei rekkje andre punkt.

Avtalen inneber at skatteordninga vil omfatte alle prosjekt som er leverte innan 2022 og godkjende innan 2023. Systemet skal vare fram til produksjonsstart, utan definert sluttdato.

– Vi sørgde for at pakken varer lenge nok til at viktige utbyggingar på felt som Hod, Noaka og Wisting kan bli ein del av forslaget, skriv Ap i ei pressemelding.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre viser til at partiet med dette har halde løftet sitt om å gjere det partiet kan for å redde arbeidsplassane på store industristader som Kværner Verdal og Stord, men også Sandnessjøen, Eigersund og andre industristader.

– Denne avtalen gir håp for titusenvis av arbeidsplassar i Noreg, seier Støre.

Stortingsfleirtalet ber no regjeringa leggje fram eit lovforslag allereie innan utgangen av oktober i år om ei løysing for å sikre ilandføringsterminalen på Veidnes heilt nord i Finnmark.

Veidnes er ikkje berre ei mogleg ilandføring for Johan Castberg-feltet, men kan òg bli det for fleire andre felt.

Reagerer på avtalen

Både SV og MDG reagerer på skatteavtalen. MDG-leiar Une Bastholm meiner avtalen er ein historisk tabbe og eit alvorleg tilbakesteg for norsk klimapolitikk.

– Dette er ein av dei mest kortsiktige vedtaka eg har sett i norsk politikk dei siste åra, seier Kari Elisabeth Kaski i SV.

Saka skal behandlast i stortingssalen torsdag.

Kommentarer til denne saken