Får Snorre-forsyning

Forsyningssjefen: Statoil sin forsyningssjef på norsk sokkel, Gunnar Owe Gundersen, kunne komme med godt nytt under Vekst i vest-konferansen. Foto: David E. Antonsen

Forsyningssjefen: Statoil sin forsyningssjef på norsk sokkel, Gunnar Owe Gundersen, kunne komme med godt nytt under Vekst i vest-konferansen. Foto: David E. Antonsen

Artikkelen er over 2 år gammel

– All forsyning til Snorre Expansion Project kjem til å gå ut frå Florø. Det seier Statoil sin forsyningssjef for norsk sokkel.

DEL

TEMA: OljeOg forsyningssjefen, Gunnar Owe Gundersen, la til:

– Vi forsyner i dag Snorre A, Snorre B og Visund ut frå Florø, og har ein fullverdig organisasjon her som leverer fantastiske resultat. Dei leverer også godt på økonomi og HMS, og vi har veldig gode underleverandørar, så alt i alt er vi veldig nøgde med det som blir levert frå Florø; vi har ingen planar om å trekke oss ut, presiserte han.

Innstilling om subsea

I første omgang gjeld dette forsyning under brønnboringsfasen. Det skal i utgangspunktet borast 24 brønnar på feltet etter at den endelege, formelle avgjerda om utbygging og produksjon (PUD) blir vedteken i 2017, kanskje tidleg 2018. Dette er noko Statoil sin forsyningssjef i Florø, Sigurd Øistein Døsen, ser fram til.

– I denne første fasen vil det skape betydeleg aktivitet innan alt frå røyrhandsaming til mat og boreveske, seier Døsen.

I utgangspunktet er det Fjord Base som skal forsyne boreriggen. Etter kvart som sjølve boringa er ferdig, blir det mindre forsyningsarbeid i Florø dersom ein ikkje gjer nye funn.

Det vidare aktivitetsnivået på basen avheng veldig av kva endeleg løysing Statoil vel på sokkelen, altså om det blir ei plattform- eller subsealøysing.

– Det er utarbeidd eit konsept for Snorre Expansion Project, der innstillinga er å gå for ei subsealøysing, men dette er ikkje endeleg formelt vedteke, seier Døsen og legg til:

– Blir det ei subsealøysing blir det mindre forsyning frå Florø enn om det blir ein plattform eller eit flytande produksjonsskip. Då blir det meir vedlikehald og lagring av subseamateriell om valet blir Florø. Uansett kva dei landar på, må vi her i Florø arbeide for å vere konkurransedyktige og proaktive i høve dei førespurnader som blir lagt ut knytt til prosjektet, seier Døsen.

Får alt av røyrlogistikk

I tillegg er det klart at Florø i løpet av 1. kvartal 2017 blir Statoil sitt logistikksenter for røyrhandsaming (OCTG), og får dermed ansvaret for all logistikken rundt Statoil sine røyr. I dag står Florø for 85 prosent av logistikken, og vil etter dette ha 100 prosent av ansvaret. I tillegg la Statoil sitt sentrallager for røyr hit i 1996, noko som blei styrka i 2010 då dei overførte røyra som låg på Mongstad til Florø etter samanslåinga mellom Statoil og Hydro.

Artikkeltags