Dobbelt så gode på røyr

PÅ LAG: Fleire av selskapa på basen i Florø samarbeider no med eit prosjekt som skal halvere operasjonar i handtering av røyr offshore. Dette gir effektivisering og målet på sikt er å gi basen konkurransefordelar. John Frode Faye i ITM t.v. Knut Strømsøy på Weatherford og Ida Malmo Årberg i Statoil meiner dei spelar kvarandre gode. Foto: Dag Frøyen

PÅ LAG: Fleire av selskapa på basen i Florø samarbeider no med eit prosjekt som skal halvere operasjonar i handtering av røyr offshore. Dette gir effektivisering og målet på sikt er å gi basen konkurransefordelar. John Frode Faye i ITM t.v. Knut Strømsøy på Weatherford og Ida Malmo Årberg i Statoil meiner dei spelar kvarandre gode. Foto: Dag Frøyen

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det nyttar ikkje berre å vere størst og åleine i oljebransjen lenger, du må vere best og du må spele på lag. Då kan du doble røyrhandteringa.   

Det er Statoil Logistikksenter på basen i Florø som står for koordineringa av røyra til den siste «elefanten» på norsk sokkel, Johan Sverdrup. 

Oljebransjen har dei siste åra hatt sterke krav knytt til kostnader. Og i denne bransjen er tid pengar og effektivisering av prosessar offshore, betyr pengar spart.

På Johan Sverdrup feltet skal det borast 10 til 12 brønnar i denne omgangen. Til kvar av desse krev det ein kilometer med 20 toms seksjonar (dei første røyrlengdene). For å effektivisere bad ingeniørteamet om ei løysing der dei kunne få sendt ut doble røyr. Kunne ein løyse dette, ville det kunne bety ei innsparing på ein million per brønn. Det skal vere 90 røyr i første omgang der 70 av dei skal skruast saman på basen i Florø.

– Ei utfordring

– Å doble røyr på land har aldri vore gjort før, så det var utfordrande, seier Rune Eick, assisterande forsyningsleiar hos Statoil i Florø.

Planen var å skru saman 20 toms røyrlengder til 23 meter og 4.5 tonn, desse skal handterast, transporterast, lagrast, lastast og lossast. Med sterke krav til kvalitet i alle endar var det ikkje enkelt å gjennomføre ei slik bestilling på ein god og sikker måte. Berre dette med krankapasitet hos underleverandørane var eit tema tidleg. Men ved å samarbeide har dei funne ei løysing på basen i Florø og no er dei i gang med prosjektet.

Det er veldig positivt at vi klarer å få til gode løysingar, og spesielt kjekt er det at dei beste løysingane kom frå dei leverandørane vi samarbeider med til dagen

Ida Malmo Årberg, Logistikkonsulent Statoil

Logistikk-konsulent ved Statoil i Florø Ida Malmo Årberg, fortel at det var fleire som var interesserte i prosjektet, men gler seg over at det var ITM i Florø kom med den beste løysinga.

– Det er veldig positivt at vi klarer å få til ei god løysingar, og spesielt at dei beste løysingane kom ifrå dei leverandørane vi nyttar til dagen, seier Årberg.

Å handtere fem tonn tunge og 23 meter lange røyr fører også til utfordringar på kapasitet. Men selskapa Tuboscope, Weatherford, ITM, Fjordbase og NorSea har i samarbeid med Statoil funne løysingar i lag som stettar alle krav.

Spelar kvarandre gode

 John Frode Faye i ITM meiner det er samarbeidet mellom selskapa på basen som ligg til grunn for at dei no klarte å løyse prosjektet med å levere doble røyr, eller «jointar» som dei kallar det, til Johan Sverdrup.

Firdaposten vart invitert av Ida Malmo Årberg og Statoil for å møte laget som no løyser prosjektet.

Dei tjukke 20 toms røyra kjem først frå Petroliumservices til røyrselskapet Tuboscope som kvalitetssikrar i første instans. Så tar ITM over og dreiar inn gjengar i røyra, eller seksjonane som dei blir kalla. Det som slo oss var krava til nøyaktigheit. Det er grove røyr, som blir handtert med tungt maskineri. Likevel er kvalitetskrava i gjengar og overgangar på eit nivå som minner meir om microchip-produksjon. John Frode Faye i ITM viste oss at avvik ned på bredde av eit hårstrå ikkje passerer kvalitetsfilteret dei opererer med.

Ikkje rom for avvik

STORT: Selskapet Weatherford er på sett og vis spesialistar på å sette ein raud ring rundt det som betyr noko.

STORT: Selskapet Weatherford er på sett og vis spesialistar på å sette ein raud ring rundt det som betyr noko.

For røyra skal vere gasstette, og då er det ikkje rom for avvik. Frå ITM går røyret vidare til Weatherford som har si kompetanse på å overgangar, og det å skru saman røyra. Knut Strømsøy på Weatherford syner oss korleis dei skrur røyra saman og dokumenterer det nøyaktige momentet dei brukar i kvar operasjon. Her er det også klare grenseverdiar dei må ligge innanfor. Etter samanføyinga har dei eit røyr som er 23 meter og nær på 5 tonn. Det er meir krevjande å handtere. Det positive er at når dette kan løysast på land, sparer dei riggtid som igjen er pengar i kassa. For Florømiljøet sin del ser ikkje Årberg bort ifrå at dette prosjektet vil styrke basen si konkurransekraft. Det er ei styrke for å kunne sikre seg framtidige brønnar der liknande effektiviseringstiltak ligg til grunn.

Artikkeltags