Med LEAN vil dei kapre fleire kundar

SATSAR PÅ LEAN: – Sett i lys av dagens marknad er LEAN løysinga om vil vere budd på framtida, seier dagleg leiar Arild Moe i Ramco (framme t.v.). Her saman med selskapet sin ekspert innan feltet, Garry Price.

SATSAR PÅ LEAN: – Sett i lys av dagens marknad er LEAN løysinga om vil vere budd på framtida, seier dagleg leiar Arild Moe i Ramco (framme t.v.). Her saman med selskapet sin ekspert innan feltet, Garry Price. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Tidsstyring, nye teknologiske løysingar og effektivisering av prosessar: Det er det som er nøkkelen for Ramco.

DEL

TEMA: OLJESidan 2007 har oljenæringa flytt på gode tider, og å møte den veksande marknaden hadde fokus. No er situasjonen ein heilt annan. I tøffare tider er det viktig å sjå korleis ein kan vere mest mogleg effektiv og samstundes oppretthalde høg kvalitet. Difor har selskapet med flest tilsette på Fjord Base, Ramco, starta eit LEAN-program og tilsett ein spesialist innan feltet.

Veltrimma produksjon

LEAN, på godt norsk «veltrimma produksjon», er ein måte å jobbe på som fokuserer på å redusere sløsing av tid og ressursar, og samstundes auke tilfredsgraden til kunden. Det handlar om å setje ting i system, og gjere jobben smartare og meir effektivt.

LEAN dukka først opp då Taiichi Ohno innførte det i Toyota etter andre verdskrigen. Sidan den gong har Toyota blitt eitt av verdas største bilprodusentar, mykje takka vere måten dei produserer på.

– Dagens marknad er krevjande og LEAN er difor eitt av hjelpemiddela vi vil nytte for å vere budd på framtida. Dess meir effektivt bransjen jobbar, dess kortare blir riggtida. Redusert riggtid er viktig for kundane våre. Vi må drive kontinuerleg forbetring av drifta for å oppretthalde konkurransekraft i marknaden, fortel dagleg leiar i Ramco i Florø, Arild Moe.

Kartlegging og kursing

– Vi byrja å innføre LEAN i vår organisasjon i sommar, og held for tida på med kartlegging og kursing i LEAN-prinsippa. Det må seiast, vi har alltid vore effektive, og har alltid levert i tide og har vist kundane våre stor grad av fleksibilitet. Men for vår del skal LEAN hjelpe selskapet, og styrke konkurransekrafta, strekar Moe under.

LEAN skal hjelpe selskapet, og styrke konkurransekrafta vår.

Arild Moe, dagleg leiar Ramco

Dette er noko LEAN-eksperten dei har tilsett, Garry Price, også løftar fram. Han er ofte i Florø for å drive opplæring og følge framdrifta i LEAN- arbeidet.

– Det hjelpte veldig at fleire av dei tilsette allereie er kjende med nokre av prinsippa bak LEAN. Vi har så langt gjort framsteg med tanke på å setje fleire idear ut i live, og ut frå det eg ser er det tydeleg at vi skal bevege oss framover med tanke på å utvikle tenestene og produkta våre, seier Price.

Nye verktøy – nye hovud

I tillegg til nye arbeidsmetodar i selskapet, jobbar Ramco også med å utvikle teknologiske løysinga som skal gjere dei endå meir effektive enn før.

– I fjor hadde vi eit resultat på 18 millionar kroner. Dette overskotet gir oss moglegheit til å gjere nye investeringar, mellom anna i teknologiske løysingar, som vil setje oss i stand til å gjennomføre dei endringane som ligg i LEAN-arbeidet, presiserer Moe. Dei har også tre høgt utdanna i administrasjonen som arbeider med korleis ein best kan innføre LEAN i Ramco, mellom dei 22 år gamle Erik Selaas, som har ein bachelorgrad i logistikk og supply chain management.

– Det er også viktig for oss meir erfarne, at vi får inn unge, nyutdanna som kan sjå korleis vi driv med nye augo. Elles risikerer vi å drive som vi alltid har gjort, smiler Moe,

Ventar eit rolegare 2017

Trass dei tøffe tidene i oljenæringa dei siste åra, har faktisk Ramco hatt ein vekst i 2016.

– Vi har så langt hatt eit travelt år, det har faktisk gått over all forventning. Men det ser ut til å komme ein liten nedgang i året som kjem, seier Moe og siktar til at det er redusert leiteaktivitet på sokkelen det kommande året.

– LEAN er difor eitt av verktøya Ramco vel å nytte for å oppretthalde konkurransekrafta i ein stadig meir krevjande marknad med høgare fokus på kostnadseffektivisering, avsluttar Moe.

Les også: Saman er dei sterkare og grønare

RAMCO

  • Totalt kring 100 tilsette. 86 av desse er i Florø.
  • I fjor hadde Ramco-gruppen ei omsetning på 126 millionar kroner. Vel 100 av desse millionane kom frå aktiviteten i Florø.
  • Årsresultat: 18 millionar kr.
  • Avdelingar i Florø, Stavanger, Sandnessjøen og Hammerfest.
  • Flytta i 2015 hovudkontoret frå Stavanger til Florø, der det er flest tilsette, flest oppdrag og størst verdiskaping.

Artikkeltags