Oljekrisa er framleis ikkje over

Fjord Base

Fjord Base Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

FYLKET: Fryktar Sogn og Fjordane får det endå verre i år enn i 2015

DEL

Sjølv om Sogn og Fjordane slapp lettare unna oljekrisa enn dei andre kystfylka, trur bransjeansvarleg i Sparebanken Sogn og Fjordane at 2016 blir endå verre enn fjoråret.
– Status for næringslivet i fylket er at bedriftene ikkje har merka oljenedgangen så mykje som elles i landet. Grunnen til det er at vi har færre bedrifter som har direkte leveranse inn mot oljen.

Det seier Jo Dale Pedersen, bransjeansvarleg for petroleumsrelatert industri Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Tal frå verdiskapingsanalysen viser at 40 prosent av befolkninga i Rogaland jobbar direkte eller indirekte knytt til oljebransjen. Hordaland ligg på 21 prosent, medan i Sogn og Fjordane er same talet 8 prosent.

– Generelt sett burde vi som kystfylke hatt meir næringsliv retta inn mot oljen, men i denne situasjonen kan vi seie at det faktisk var heldig at vi ikkje er meir inne bransjen. Men både Hyllestad og Flora er kommunar som har merka nedturen meir enn andre, seier Pedersen i pressemeldinga.

Det er få konkursar i fylket, men årsaka er at bedriftene framleis har gamle kontraktar å levere til.

– Men når desse kontraktane går ut vil fleire slite. Derfor må bedriftene vere frampå, og vi ser at fleire snur retning på produksjonen og finn nye marknadar. Fleire selskap som har ein solid aktivitet satsar no inn mot fiskeri og landbruk for å få fleire bein å stå på, fortel Pedersen.

Artikkeltags