Håpar jobbane blir på politihuset

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

FLORØ: – Vedtaket i Stortinget må bli detaljert skal vi halde jobbane lokalt.

DEL

Dette fortel Ola Teigen i Ap etter at dei har fått på plass merknader i innstillinga til justiskomiteen som handlar om spesialistmiljø i dei ulike politidistrikta. Ein merknad som handlar om kompetente fagmiljø i Sogn og Fjordane er Florø inne med namns nemning, fortel Ola Teigen. Han meiner dette er avgjerande for den kabalen politimeisteren for det nye distriktet skal gjere.

Åshild Kjelsnes, Hilmar Høl og Ingrid Heggø samt Arve Helle var på plass for å kjempe for arbeidsplassane etter at politidistriktet rauk no måndag.

Det var i møte med leiar i justiskomiteen Hadia Tajik, dagen før komitebehandlinga og innstillinga til justiskomiteen at AP-kontingenten frå fylket var i Oslo. Målet deira var enkelt. Å sikre at dei som blir overtalige etter samanslåinga skal framleis ha jobb i Florø.

– For oss har det vore viktig at de som blir overtalige skal kunne jobbe på same stad, men i nye spesialavdelingar under det nye politidistriktet Vest, seier Teigen.

Argumenta dei nytta i kampen for Sogn og Fjordane politidistrikt, det vere seg lokalkunnskap, gode fagmiljø og beredskapskultur, skal no nyttast for å sikre seg funksjonar i det nye politidistriktet.

Artikkeltags