Vi skal kome med ei gladnyheit til alle i Bremanger:

For kvar einaste innbyggar, så mottek kommunen omlag 77.000 kroner. Er du så uheldig å bu i Bergen, så må du ta til takke med 61.000. Tek du differansen og gangar opp med antal innbyggjarar, så har ein 56 millionar meir enn Bergen! Sjeldan lottovinstane er så store og kjem kvart år! Statens er raus med Bremanger, eller er det no slik?

Jostein Eimhjellen gjer denne øvinga og publiserer eit lesarinnlegg der konklusjonen hans er at Kinn fint kan delast, for Vågsøy sin del. Dette er riktignok stikk i strid med konklusjonane i rapporten Statsforvaltaren bestilte frå BDO, men Eimhjellen har rekna ut at det fort kan bli nokre lottokroner i Vågsøy også.

For dei fleste som har jobba litt med kommuneøkonomi og inntektssystemet så vil ein nokså raskt steile over ein slik påstand.

Sanninga er at kommunane stort sett får like mykje uansett om dei heiter Oslo, Bremanger eller Vågsøy. Grunnen til at vi får ulike beløp er fordi kommunane blir kompensert for ulike behov. Har ein særlege geografiske utfordringar, så vil dei bli kompensert. Er befolkninga i Vågsøy eldre enn i Flora, så får ein meir til å dekke desse ekstrakostnadane.

Sidan våre påstandar stort sett ikkje blir aksepterte hos reverserings-alliansen, så er vi så heldige at Bjarne Jensen i Kommunekonsult forklarer dette godt i sin rapport om Kinn:

«Økonomiske konsekvenser (s. 7–15). I tabell 1 side 9 er det gjengitt tall for generelle driftsinntekter i 2022 for Kinn, nye Flora og nye Vågsøy. De viser at sum generelle inntekter per innbygger for Kinn er på 75 406 kroner, for nye Vågsøy er de 76 056 kroner, mens for nye Flora er de på 75 107 kroner. Altså er inntektene noe høyere i Vågsøy enn i Flora. Dette verken kommenteres eller forklares. For ordens skyld nevnes at BDO-rapporten ikke gjengir tall per innbygger, kun samlede tall for utgifter. Dermed er tallene som presenteres i rapporten vanskelig å forholde seg til. […]. Hovedårsaken til at Vågsøy har hatt høyere inntekter per innbygger enn Flora, er at de har hatt en vesentlig høyere andel eldre enn Flora. Dermed er også Vågsøys utgiftsbehov noe høyere, og Vågsøy mottar også høyere rammetilskudd per innbygger enn Flora.»

Utdraget forklarer inntektssystemet godt og vil også vise kvifor 56 millionar meir til Bremanger ikkje er meir pengar til Bremanger, det er pengar for å kompensere for ekstrautgifter Bremanger har, utgifter Bergen ikkje har. Eimhjellen kjem også med nyheita at «....vesentleg at ein no omsider får stadfesta at Kinn kommune ikkje kjem ut med høgare inntekt enn summen av Flora og Vågsøy».

For det første er ikkje dette rett. Noko meir får Kinn enn dei to andre, men det er lite. Men dette som er ei nyheit for Eimhjellen, fekk Fellesnemnda grundig orientering om i 2019. Både Fjordenes Tidende og Firdaposten har hatt fleire saker på dette.

Det siste Eimhjellen er inne på er gjeld. Store tal, men uoversiktleg. Her er alt frå Startlån, kommersielle lån til hamneutbygging til sjølvfinansierande lån til utbygging av vatn og kloakk, samla i same pott som lån som skal finansierast over frie midlar, det vil seie lån til skule, barnehage og eldreomsorg, til dømes.

Eimhjellen viser til at låneopptak pr. innbyggar vil vere lågare enn i Flora. Når vi veit at Skram skole til 200-350 millionar ikkje er ein del av dette, så kan nok dette bildet forandre seg fort. Basseng-kalkyla som ligg i budsjettet er nok også låg. Nokre lån har gunstige vilkår og andre mindre gunstige. Til dømes kan det bety noko kva renteavtale du har, og om lånet skal betalast raskt eller sakte ned. Brukar ein Eimhjellen sin metode, og deler renter og avdrag (finansutgifter) - som er det som belastar driftsbudsjettet til kommunen - på innbyggartal, ser ein at nye Vågsøy har høgast finansutgifter, samanlikna med Kinn og nye Flora. Og, som nemnt, låneopptak til ny Skram skole er ikkje med i utrekningane. Reknestykka hans også her kjem til kort.

Det flyg mange påstandar i debatten om Kinn. BDO-rapporten er bestilt av Staten og tema er definert av staten. Eg trur vil skal vere ytst varsame med å tru at her finst lokale «økonomar» som er betre i stand til å analysere kommunar enn dei som gjer dette ofte.

BDO sin rapport er blitt slik Nei-sida bestilte og den er den mest pålitelege informasjonen vi har om konsekvensane av ei deling.