Det var ganske mange namneforslag som kom inn då KF Florø hamn første veka i 2019 la ut ein namnekonkurranse på sine facebooksider.

– Responsen var enorm. Heile 193 personar lufta sine forslag, seier hamnesjef Linda Mortensen Midtbø til Firdaposten tysdag.

Dei ulike forslaga var mangslungne; frå dei seriøse, velgrunna namna til dei hysterisk morosame: Nokre meinte den burde kallast «Hovden», sidan den 50 fot store arbeidsbåten er større enn eksisterande arbeidsbåt «Stabben». Andre meinte den burde heite «Bru» eller «Alden», andre «Sendingen», Batalden» eller «Lavendel». Andre løfta fram namneforslag som «Møkalasset», «Robek1» og «Boaty McBoatface».

Men det var altså «Ytterøyane» den blei heitande. Namnet var det Harald Leite Olsen som føreslo.

– Etter at konkurransen var over, bad vi alle dei tilsette i hamna om å setje opp sine favorittar. Dermed klarte vi få ei liste med topp fire-namna. Og tilfeldigvis valde styret det same namnet som var den desiderte favoritten blant dei som jobbar i hamna, seier Midtbø.

Båten skal nyttast i både Flora hamn og Alden hamneområde, som omfattar Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad og Naustdal i tillegg til Florø.«Ytterøyane» står framleis på Hemnes mekaniske verksted, men dei er no i gang med siste finpussen før den kjem til Florø. Dato er førebels ikkje heilt avklart.