Fredag la regjeringa fram Havbruksmeldinga og dei lokale Høgre-leiarane strekar med brei penn under at næringa er ei svært viktig næring i Sogn og Fjordane.Det handlar om å legge til rette for vekst i havbruksnæringa, der miljømessig berekraft er avgjerande for framtidig vekst.

I meldinga gir regjeringa signal om dei krav som styresmaktene vil stille til næringa på kort og lang sikt. Dei legg til rette for ei styring der biologien er grensesettande for den massen som kan produserast i den einskilde lokalitet og produksjonsområde. Miljøpåverknaden må vere akseptabel for at næringa skal vekse og veksten blir kollektivt redusert dersom miljøpåverknaden ikkje er berekraftig.


– Vi ser no for oss ei næring som blir avkrevd strenge tilpassingar, men som styresmaktene viser høg tillit til skal bli ei næring som skal ha berekraft dei neste 40 – 50 åra, uttaler fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre.
Det skal etablerast eit strengt regime og brukast fargesignal i raudt, gult eller grønt for å tillate vekst ut frå bestemte miljøindikatorar.


Samstundes går partiet høgt på banen, til liks med Sogn og Fjordane Ap, når det gjeld å ta i bruk vår lokale nasjonale laksefjord - Førdefjorden - til avfallsplass for gruveinvestorane i Nordic Mining. Med unnatak av dei rapportane som er produserte på oppdrag for Nordic Mining, så går fagmiljøa i Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektorartet og Miljødirektoratet i mot sjødeponiløysinga. Det er ikkje gjort sannsynleg at prosjektet vil vere miljømessig berekraftig. I denne saka vil fylkespolitikarane og stortingsrepresentantant Bjørn Lødemel (H) og fiskeripolitisk talskvinne i Ap, Ingrid Heggø, ikkje ta omsyn til faglege råd frå dei nasjonale kompetansemiljøa. Dei samme fagmiljøa som skal sikre at havbruksnæringa skal kontrollerast ut frå miljømessige indikatorar.


Før Høgre har stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) fått oppdraget med å vere distansert badboy. – Om du tek ein fjord, er det ikkje slik at fiskebestanden er avhengig av den åleine. Det er mykje kyst igjen, seier han til Bergens Tidende. Med andre ord; Førdefjorden kan ofrast og med det set han eksistensen til hjørnesteinsverksemder i fare. Mange lokalsamfunn i vårt område er velsigna med havbruks-selskap som er stadbundne og tek stort samfunns-ansvar. Det blir tydelegvis for smått i det store finansbildet.