Like sikkert som at pissregnet omsider melder sin framkomst for å vaske vekk vestlandsvinteren, er Tempopodden også denne veka tilbake med ein ny episode. I ei veke som dei fleste går i møte med tømte tårekanalar eller botnskrapa rognpose, er Elise Angermo Fossland tilbake som gjest, for å bidra med å tilføre ein drope underhaldning til dehydrerte sjeler i ein knusktørr kvardag.
I dagens episode, får ein mellom anna svar på kvifor nordledinga føla seg utsett for språkimperialisme frå resten av landet, kven som har skylda for at VAR ikkje fungerer i Premier League, kva som er forventa åtferd når ein passera ein kjenning på gata, og kor Tempopodden plassar seg på lista over Norges største fotballpodcaster.
I tillegg til dette, får ein høyre om kvifor Kristian har gitt opp kampen mot hanen i Havreneset, kva som skjedde når Benjamin fekk «driteriet» på joggetur, og kven Elise holder ansvarleg for mobbe-boomen blant ungdommen.
Den nyaste episoden kan du høyre her:
Eller du kan høyre den, og eldre episoder på Spotify eller andre plassar der podcastar samlast.