Luttprisane for 2022 vart delt ut i eit utseld Operahus på Nordfjordeid fredag kveld.
-Det er eit veldig flott knippe med vinnarar i år. Men eg trur juryen hadde ein utfordrande jobb med å bestemme seg. Det seier prosjektleiar for Luttprisen i NRK, Stian Sjursen Takle, i ei pressemelding.
Luttprisen vert delt ut gjennom røystene til publikum og ein fagjury. Folkejuryen samla fantastiske og rekordmange 26.978 røyster. I fagjuryen sat Arnt-Ivar Naustdal, Line Dybedal, Christian Eikenes, Øyvind Lyslo, Tone Lin Støfring Skovro, Erling Waage og Kristin Sandal.
Artist i over tre tiår
Odd-Erik Lothe har vore ein nasjonal artist sidan 90-talet. Mange av låtane han har laga har hamna på spelelistene til norges største radiokanal, NRKP1. Han har bak seg tretten album og saman med bandet sitt Fabel vart han nominert til Spelemannspris.
I 2022 gav han ut albumet Jaguar saman med bandet Mighty Magnolias til strålande meldingar.
17 år og årets nykommar
Teo frå Solund er berre 17 år, men har imponert med sine låtar og fantastiske stemme! Han har hatt fleire låtar på spelelista i Norges største radiokanal, NRKP1. Han har spelt på Malakoff og fleire andre festivalar! Han har også ei hovudrolle i NRK sin TV-serie rykter.
Ein stor smålåten arrangør
Årets bakompris-vinnar vart Fred Reriersen ved Scandic Sunnfjord Hotell. Han var i 20-åra då han booka han dei første artistane til bygde-byen Førde. Der stod blant andre årets artist, Odd-Erik Lothe på scena.
Han seier sjølv at han får kick av å skape glede og sjå glade publikummarar. Han har skapt liv på ulike scener i byen med sine bookingar i nesten 30 år. Gjennom sitt virke har han gitt scene til lokale artistar, men også store nasjonale stjerner som Astrid S, CC Cowboys og Kamelen.
Pengar og diplom
Luttprisane er stipend på 25.000 kroner. Årets artist får også eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim. Vinnaren av bakomprisen må nytte pengane på eit prosjekt som syner fram nye artistar for publikum.