Verdas hydrogen-elite kjem til Florø

HYDROGENKONFERANSE: Denne engasjerte gjengen arbeider med å styrke havnæringane og er ansvarlege for industriklynga Ocean Hyway Cluster. F.v Stein Kvalsund, Trond Strømgren, Mark Purkis, Kristin Svardal og Maria Brandsøy. Trond Strømgren representerer også GCE Ocean Technology.

HYDROGENKONFERANSE: Denne engasjerte gjengen arbeider med å styrke havnæringane og er ansvarlege for industriklynga Ocean Hyway Cluster. F.v Stein Kvalsund, Trond Strømgren, Mark Purkis, Kristin Svardal og Maria Brandsøy. Trond Strømgren representerer også GCE Ocean Technology.

FLORØ: Hydrogen er ei av løysingane for å kutte utslepp til sjøs. Viktige globale spørsmål og tekniske mogelegheiter og utfordringar står på dagsorden når leiande aktørar frå heile verda møtast i Florø 18. - 19. september.

DEL

Hydrogen-konferansen i Florø er den fjerde i rekka og har allereie sett Florø og Noreg på det internasjonale hydrogenkartet.

– Vi ventar fulle hus i år, seier Maria Brandsøy i Ocean Hyway Cluster.

– Det betyr i praksis 180 personar. No er det få dagar att til konferansen og det er 150 påmelde frå 16 nasjonar. Det lovar godt, seier ho.

At verda samlast i Flora og Noreg skuldast eit leiande næringsliv innanfor maritim hydrogenteknologi, samt at industriklynga Ocean Hyway Cluster samlar desse næringsaktørane. Samstundes har Vestlandet store fortrinn med rein energi som kan nyttast til å produsere grøn hydrogen som drivstoff til båtar, skriv Ocean Hyway Cluster i ei pressemelding.

Drift med hydrogen gir ingen skadelege utslepp, kun reint vatn som «eksos». Det er Ocean Hyway Cluster, GCE Ocean Technology og Flora kommune som arrangerer den internasjonale konferansen.

– Kysten ideell for å hauste energi

Fokuset for konferansen er todelt, med både marin fornybar energi og hydrogen på agendaen. Dei to emna har likevel ei naturleg kopling. Trond Strømgren i GCE Ocean Technology seier at kysten vår er ideell for å hauste energi frå havet.

– Vi har ei lang kystlinje med rikeleg vind og bølgjer, i tillegg til stabile tidvasstraumar. Offshore vind har globalt fokus og aukar no sterkt i omfang, samstundes som kostnadane går ned. Energien frå vind kan lagrast som hydrogen i trykktankar på havbotnen. Her kan den norske subseaindustrien bidra med sin kompetanse, legg han til.

Leiande maritimt næringsliv

Flora kommune har vore sentral i fleire hydrogenprosjekt. Avtroppande varaordførar Jan Henrik har vore initiativtakar til fleire prosjekt og engasjement.

– Det er kjekt å sjå at idear fengjer og gir resultat. Kombinasjonen av eit leiande maritimt næringsliv, offentlege bidragsytarar og dynamiske FoU-miljø har vore avgjerande for at vi har fått til så mykje, seier Jan Henrik Nygård.

– Det er spennande å oppleve at internasjonalt næringsliv no ser til Noreg og for å få oppdatering på maritim bruk av hydrogen, avsluttar Nygård.

Fleire hydrogenbåtar under bygging

Det er fleire hydrogenbåtprosjekt under realisering rundt om i verda. Passasjerfartøyet «Water Go Round» går på vatnet i California i løpet av hausten som den første store passasjerbåten.

Deretter følgjer Norled med driftsetting av to hydrogenferjer i 2021, samstundes med Hyseas III-ferja på Orknøyane. Fleire kanal- og elvebåtprosjekt er under konstruksjon og skal i drift i perioden 2020- 2022.

I tillegg er det mange mindre prosjekt. Ei rekke av hydrogenbåtprosjekta blir presenterte under konferansen i Florø. Det er venta at Florø-konferansen bidreg til å ta den globale maritime hydrogensatsinga eit steg vidare.

The Norwegian Hydrogen Playground

Sidan Florø-konferansen samlar fagfolk frå hele verda har forskjellige aktørar valt å legge arrangement hit i samband med konferansen. IEA (International Energy Agency) har samling for HIA (Hydrogen Implementation Agreement) Task 39 Group. Og North Atlantic Hydrogen Learning Network har lagt eitt av sine to årlege møte til Florø.

IFE har workshop for sitt store forskingsprogram MoZEES (Mobility Zero Emisson Energy Systems). Leiande norske og internasjonale forskarar og industrielle aktørar deltek på alle desse tre sidearrangementa.




Artikkeltags