"Super-Rex" ferdig som kaptein

SOLID: - André tok ansvar då vi gav han ansvar i 2010. At han ønskjer sjølv å bytte er for oss uproblematisk, seier trenar Terje Rognsø.

SOLID: - André tok ansvar då vi gav han ansvar i 2010. At han ønskjer sjølv å bytte er for oss uproblematisk, seier trenar Terje Rognsø. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

FLORØ: – Det er litt meir styr å vere kaptein i Obosligaen, så det var greitt tidspunkt, seier André Frøyen Reksten. 

Trenar Terje Rognsø sin forlenga arm på bana har sidan 2010 vore André Frøyen Reksten. Sjølv om han mista stopparplassen sin til Vegar Gjermundstad før sesongen i fjor, så var det aldri snakk om at innflyttaren skulle få kapteinsbindet i same slengen. Men no ber han sjølv om avløysing, og då var Gjermundstad den naturlege kandidaten.

Begge leiarar

– Dei er begge klare kandidatar til å spele på laget, og det er for meg viktig. Men no er det André sjølv som har ønskt dette. Dette kjem dels av studiar og at han har fått ein ny unge. Med kapteinsrolla går det med ein del tid ta meir tid før og etter kamp, og dette ønskte han å bli skåna for, seier Rognsø som meiner det ikkje er noko problem å bytte kaptein.

– André fortalde meg han ville fokusere tydelegare på prestasjon i år, og så lenge Vegar ville ta jobben var det uproblematisk for oss.

Frøyen Reksten vart kaptein i 2010 og vaks inn i rolla. Han var eldst i 2010 og han har vore ein spelar som tok ansvar då han fekk det. Då han ønsker avlasting synest trenaren det var heilt greitt.

– Vegar har vore leiar på bana sjølv om han ikkje har kapteinsbind, og det har fungert bra.

Takka for tilliten

TAKKAR: Vegar Gjermundstad har vore ein naturleg leiar i Florø Fotball. At han no blir peika på som ny kaptein, tek han som ei tillitserklæring.

TAKKAR: Vegar Gjermundstad har vore ein naturleg leiar i Florø Fotball. At han no blir peika på som ny kaptein, tek han som ei tillitserklæring. Foto:

Stopparkjempa Gjermundstad synest det er kjekt å få ei slik tillitserklæring. Men seier sjølv han ikkje til å endre seg sjølv om han no har kapteinsbind på armen å vise til. 

– Eg er no den eg er og spelar slik eg gjer. Det er nok litt fleire oppgåve knytt til rolla no i Obos ligaen, men som sagt eg kjem ikkje til å endre meg på nokon måte, poengterer han. 

– På tide

Andre Frøyen Reksten meinte det var på tide med eit skifte.

– Det er litt meir styr å vere kaptein i Obosligaen med mykje eg skal stille opp på med samlingar og oppgåver utanom bana. Eg vil fokusere på fotballen. I den familiesituasjonen eg er i og at eg fekk ei jente rett før jul, så ønsker eg å reise minst mogleg. Og slik eg ser det så er det heilt naturleg at Vegar tek over rolla, seier exflorøkaptein Frøyen Reksten som framleis kjem til å bli kalla Super-Rex av Stimen.

Laget snart på plass

Stammen til Obos-laget til Florø er på plass. No er det eventuelle nysigneringar og nokre av dei lokale unge talenta som står for tur.

Av dei tre spelarane Florø hadde på prøve i helga, var det berre Jan Philip Berglund som spelte treningskampen mot Førde onsdag. 

– Vi er 18 no som har skrive kontrakt. Det er nokre av dei som var med i fjor som ikkje har skrive under, men vi håper dette skal ordnast om kort tid. Vi må kunne betale det vi lover, så det trekk litt ut i tid, seier Terje Rognsø.

Florø Fotball 0bosligaen 2017

  • Nicklas Frederup
  • Jacob Storevik
  • Kim Vik
  • Christer Husa
  • Vegar Gjermundstad,
  • Runar Hove
  • Erlend Hove
  • André Reksten
  • Simen Solheim
  • Oliver Rotihaug
  • Luke Jeggo
  • Stefan Aase
  • Halvor Solheim-Olsen
  • Rashad Mohammed
  • Kaddu Aton
  • Endre Kupen
  • Truls Hovland
  • Peter Aase *

* Utlån frå Sogndal 2017 sesongen

Dino Omerovic, Martin Hollevik og Tord Hovden er tre spelarar som dei ønskjer å signere i løpet av dei neste vekene. 

Tre unge talent Aruna Cone, Eirik Høydal og Torje Naustdal blir også vurdert nøye med tanke på A-stallen. 

Førdespissen Øystein Myrkaskog har dessutan sagt han ønskjer å spele for Florø Fotball i 2017.

– Han er ein spelar i den lokale profilen vi kunne ønskt oss. Han er no under kontrakt med Førde, og blir vi ikkje samde med Førde om ein overgang, må vi jakte vidare. Vi skal ha ein spiss til, avsluttar Rognsø.

Artikkeltags