Kom inn i 3-0-siger

Peter Aase frå Florø er Sogndal IL-spelar og på utlån til Åsane i Obosligaen i år.

Peter Aase frå Florø er Sogndal IL-spelar og på utlån til Åsane i Obosligaen i år.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Peter Aase er på utlån frå Sogndal til Åsane i Obosligaen denne sesongen og stortrivast. Søndag kom han inn på slutten i 3–0 sigeren mot Kongsvinger.

– Det går veldig bra. Vi er ein ivrig ung gjeng som jobbar for kvarandre. Det er god kvalitet på treningane og eg er komme godt inn i gjengen, seier han. At han no speler Obos og ikkje Tippeliga meiner han er heilt OK.

– Målet mitt er å få spele, så då tenker eg at eg må prestere i Obos skal eg ha håp om å etablere meg i Tippeligaen, så dette er rett plass for meg no, seier han.

Allereie meiner Aase at han har utvikla spelet sitt, blitt betre i presset og har fått betre løpskapasitet. Han meiner ogs at han er blitt klokare og vurderer betre situasjonar på bana. – Eg er i form i eit lag der vi kjempar for kvarandre, dette er helt perfekt for meg no, avsluttar han.

Artikkeltags