Kongsvingertrenaren fekk sparken

FERDIG I KIL: Hans-Erik Eriksen er ikkje lenger trenar i Kongsvinger.

FERDIG I KIL: Hans-Erik Eriksen er ikkje lenger trenar i Kongsvinger. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

OBOS-LIGAEN: Den første trenarsparkinga i årets OBOS-liga er eit faktum.

DEL

OBOS-LIGAENNest sist på tabellen og tre poeng på fem kampar var ikkje godt nok. Kongsvinger har større ambisjonar for klubben sin enn som så. No har hovudtrenar Hans-Erik Eriksen fått beskjed om å rydde ut av kontoret.

Tap i Florø

Kongsvinger opna sesongen med å tape 0–2 for Viking, før dei drog til Florø og tapte 0–1 etter ein sein scoring av Peter Aase. Så slo dei Jerv heime, før dei gjekk på tap mot dei to topplaga Sogndal (1–4) og Aalesund (1-3). Dei har såleis hatt eit tøft program i starten av sesongen, utan at det ser ut til å ha vore formildande for styrets syn på den jobben Eriksen har gjort.

– Eg opplevde at vi var i ein prosess her, og at vi dreiv med utvikling, slik at vi gjorde spelarane klare for å ta det nivået. Eg er framleis overbevist om at spelarane kjem til å gjere det, og at mai månad kjem til å gi eit på papiret enklare program. Det har april månad gjort dei klare for, gjennom å spele mot lag på eit vesentleg høgare nivå enn oss, seier Eriksen til Glåmdalen etter sparkinga. Han meiner at kampen mot Florø er den einaste der dei burde gjort det betre.

– Som eg sa i eit intervju, så er det først og fremst Florø-kampen som eg ser at resultatet skulle vore betre. Mot Viking, Sogndal og Aalesund er det rett og slett gode lag som er betre enn oss i 2018. Den spelarstallen vi har nå trenger å spele meir for å konkurrere mot dei seinare i sesongen

«Kaz» Sokolowski tek over Kongsvinger på midlertidig basis, og vil leie laget i cupkampen mot Raufoss tysdag.

Artikkeltags